|
Astrid Marie Nistad sto for opninga av den utvida riksveg 57 i 1999. Til venstre står dåverande ordførar Arne Kyrkjebø, og til høgre er vegsjef Lars Lefdal. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK) |
Mellom Guddal og Lavik/Lavikdalen gjekk det i gamal tid fleire kløvjevegar. Den Trondhjemske Postvei vart bygt gjennom fylket i 1795. Då vegen Vadheim-Førde vart bygt i 1837, avløyste den postvegen. Med utgangspunkt i postvegen, vart vegen mellom Leirvik og Flekke gradvis utbetra.
|
Ein jernbjelke til ei av bruene i Guddal blir ved hjelp av stubbebrytar lasta opp på planet på ein liten lastebil. |
Guddal-Vadheim
Guddals-folket sette fram dei første krav om skikkeleg veg til fjorden i Flekke på 1830-talet. Vegen Rennestraum-Lassevik var ferdig 1885, Lassevik-Engen 1897, og først kring 1912 var vegen fullført til Heggheim inst i Guddalen.
Frå Vadheim-sida vart vegen bygt til Ullebø i 1927, men samanhengande veg frå Guddal i Fjaler til Vadheim kom først i 1972.
|
Når lasta er lang og bilen liten, må det improviserast. |
Dale-Flekke-Leirvik
- sjå
Den trondhjemske Postvei i Fjaler .
Håland-Tømmerbakke
Mellom Håland og Tømmerbakke vart det bygt bygdeveg i 1902.
Riksveg 607 frå Øen
i Hyllestad til Hellevik i Fjaler kommune vart opna i 1908.
Vegen Osen-Dale
|
Osen bru. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
vart opna i 1958, etter arbeid på veganlegget sidan 1937. Fram til 1958 var det berre sjøvegen som knytte Fjaler til resten av Sunnfjord (sjå:
Ferdsla på fjorden i Fjaler), fordi det heller ikkje var veg langs Sognefjorden mellom Lavik og Vadheim før i 1958.
Veg Flekke-Fure
vart opna i 1959. Mellom Gjølanger og Hellevik vart det bygt ny veg i 1971, og på den eldste strekninga mellom Tysse og Flekke vart det bygt ny veg i 1975.
Straumsnes
fekk vegsamband med omverda først i 1971, sjølv om vegarbeidet hadde starta i 1948.
Lammetunbrua
vart opna i 1983, og er ei hengebru som vart flytta frå Hvåra ved Larvik. Bru vart gjennom pressa tilbydd gratis den som ville rive ho. Dei fem familiane på den veglause øya ytst i Fjaler slo til, og med eigenkapital og støtte frå kommunen vart brua flytta frå Austlandet og montert over det smale sundet som skilde øya frå fastlandet.
"Kystvegen"
frå Laberg i Hyllestad kommune til Folkestad i Fjaler kommune vart opna i 1989.
Vegen Guddal-Solås
i Gaular kommune vart opna i 2006, og er 9,2 kilometer lang.
·
Dalsfjordbrua