Holmedal prestegjeld omfatta den gongen alle bygder kring Dalsfjorden, medrekna Gaular. Soknepresten på den tida var Christian Egede, bror til den kjende "Grønlands apostel" - Hans Egede.
Dårleg stelt til 1812
Men det var dårleg stell med skuleordninga heilt fram til 1812. Då var dansken
Niels Nielsen sokneprest i Ytre Holmedal - dvs. ytre Dalsfjorden. Denne mannen var ein av dei fem Eidsvolls-mennene frå Sogn og Fjordane på riksforsamlinga i 1814. Nielsen var prest i Ytre Holmedal fram til 1921. Han utdanna på eiga hand fleire lærarar, og starta skikkelege skuleklassar.
Skule i tingstova
I 1857 vart det vedteke å byggje faste skulehus til avløysing av omgangsskulen. I Dale heldt skulen til i tingstova på Tross før skulehuset stod ferdig i 1860. I åra som fylgde, vart det skipa til saman 19 skulekrinsar i dåverande Ytre Holmedal kommune - frå 1911 Fjaler kommune (sjå:
Kommunehistorikken i Fjaler).
I Dale sokn vart det bygd skulehus i sju krinsar: Hestad, Strand, Øyna, Dingemoen, Håland, Vassdal, Flekke og Espedal. I Guddal sokn vart bygt skulehus i fem krinsar: Bjordal, Espenes, Guddal, Dingsøyr og Heggheim. Sentrums-skulen på Dingemoen i Dale var den største, og her var skulen sju-delt. Elles var dei fleste andre to-delte.
Lærar- og klokkargard
|
Vollen var lærar- og klokkargard frå 1862. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Garden Vollen på Steia vart kjøpt som lærar/klokkargard i 1862. Det var her diktaren
Jakob Sande voks opp. Vollen var klokkargard fram til 1948, og har seinare vorte parsellert ut til tomter m.a. for
Falchs Pensjonat- og Middelskole og for Fjaler Ungdomsskole. Huset er seinare verna som Jakob Sande-minne.