SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Fjaler:

Falchs Pensjonat- og Middelskole

Huset på Granholt i dag er ein kopi av det gamle bygget til Falchs Pensjonat- og Middelskole som brann ned i 1986. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Huset på Granholt i dag er ein kopi av det gamle bygget til Falchs Pensjonat- og Middelskole som brann ned i 1986. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Guteskulen på Yksnebjør

I 1889 starta prestedottera i Fjaler, Willa Falch ein pensjonatskule for gutar. Modellen henta Willa frå Nikka Vonens jenteskule, der ho hadde arbeidd som lærar før ho starta for seg sjølv.

Publisert 02.09.2002 14:06. Oppdatert 05.12.2006 13:57.
Kvart kull var på opptil 15 elevar som var mellom 10 og 13 år gamle, og elevane kom frå heile landet.

Skulen heldt dei første åra til på Yksnebjør i Dale. I 1891 tok den i bruk eige skulehus som fekk namnet "Granholt".

Ny skuleordning

Då Nikka Vonen gav seg med jenteskulen på Steia i 1908, gjekk Falchs skule over til å verte ein pensjonatskule både for gutar og jenter. Frå 1908 vart også elevane yngre: Det vert fortalt at ei jente frå Bergen berre var åtte år gamal då ho vart plassert på pensjonatskulen i Dale i 1915.

Willa Falch og stedottera Ragnhild Falch på Yksnebjør i 1910. (Foto © Fylkesarkivet)

Kvinnene dominerte

I 1918 tok Ragnhild Falch over som styrar, og skulen vart driven som middelskule fram til 1940. I desse åra var det kvinner som var lærarar ved pensjonatskulen: Ved sida av Ragnhild Falch var Kissy Egenæs (1877-1971) og Elsbeth Thyra Beugger (1893-1979) lærarar. Kissy var fødd som misjonærdotter på Madagaskar, og mora var frå Nitter-familien i Dale, der Egenæs-familien arva gard og slo seg ned i 1901.

Elsbeth Beugger var fødd i Sveits, hadde ætterøter frå russisk adel, og kom først til Dale som guvernante til familien Nitter i 1918. Ho vart verande i Dale all sin dag, og leigde seg eit sel på Laukelandstølen lengre inne i Dalsfjorden som ho kalla "Friedau". Seinare bygde ho i lag med andre hytta "Elraki" i Fossedalen. Skueelevane var jamnt på tur til desse hyttene.
Sjøholt og Granholt omlag 1920. Fylkesarkivet

Utbygt til middelskule

Elevane starta 11-12 år gamle på ein slags førskule, og gjekk så over til middelskuletrinnet. Frå 1930 var skulen bygt ut til fullverdig middelskule. Men skulen hadde ikkje eigen eksamensrett før i 1955, og heilt fram til 1942 måtte elevane reise til Florø for å ta munnleg eksamen.
Skulen gjekk over frå å vere middelskule til realskule i 1942, og skulenamnet vart no endra til Falchs Pensjonat- og realskole.

Styrarskifte

Ragnhild Falch vart i 1943 avløyst av Oddleif Fagerheim som styrar for pensjonatskulen. Han var styrar for skulen til 1969, då han vart stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.
Det meste av undervisninga heldt til på Granholt heilt fram til 1950. Deretter vart skulen flytta til Vevang. (Det gamle skulehuset på Granholt brann ned i 1986, men kopi vart gjenreist av nye eigarar).

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no