SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Fjaler:

Nils L. Landmark

Nils L. Landmark (1775-1859) fødd i Oslo, busett på Tysse. Sorenskrivar, politikar og jordbrukspionér.

Publisert 03.09.2002 09:07. Oppdatert 27.01.2006 09:00.
Son til kunstvevar Nils Swensson frå Värmland. Saman med tre sysken skifta Nils familienamn til Landmark i vaksen alder. Faren døydde då Nils var sju år gamal, og frå han var 16 år gamal vart han fostra opp hos slektningen Jens Stub, sorenskrivar i Nordfjord. På sorenskrivargarden Leikvin var han kontorlærling til han med økonomisk støtte frå Stub reiste til København og tok juridisk embetseksamen i 1797. Arbeidde som sorenskrivarfullmektig i Sunnfjord og Nordfjord inntil han i 1808 vart sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han hadde til 1852. Han busette seg i 1809 på sin eigen gard på Tysse i Fjaler.

Landmarkane - pionérar i norsk landbruk

Landmark bygde ut Tysse til eit mønsterbruk, og fekk reist det store hovudhuset slik det står i dag. Han var ein av dei første i distriktet som dreiv organisert skogplanting, og gjorde ein stor del av eigedomen om til ein vekslande naturpark, med alléar og hage ned mot fjorden.

Det Holmedalske Sogneselskab

Nils L. Landmark skipa Det Holmedalske Sogneselskab i 1811, og var formann til 1854. Selskapet arbeidde m.a. for nydyrking, skogplanting og fruktavl. På garden sin på Tysse tok Landmark i fleire år imot bondegutar og gav dei opplæring i moderne jordbruksdrift. Les meir i artikkelserien Dei første landbruksorganisasjonane under Sogn og Fjordane fylke – Organisasjonar.

Han skipa også "Søndfjords Læseselskab" som hadde mykje å seie for den litterære påverknad innan embetsfamiliene i Sunnfjord (sjå m.a. Kristian Elster d.e., Hjalmar Christensen og Ole Wilhelm Fasting. Sjølv skreiv Nils L. Landmark også dikt med romantisk tilsnitt. På ei høgde ovanfor gardstunet fekk han i 1824 løyve til å skipe familiegravstaden "Fredensborg". Landmark vart vald til stortingsrepresentant i 1821 og 1822.

Landmark på Tysse og Leitet

Nils L. Landmark er stamfar til Landmark-slekta på Tysse, medan to eldre brør er stamfedre til Landmark-slekta sine greiner i Romsdal og i Nordland. Broren Andreas var fut i Romsdal, og stortingsmann frå Romsdal Amt. På Stortinget markerte dei to brørne seg som svært kongetru, og støtta kong Karl Johan i alt han gjorde. Landmark vart "som takk" for kongevenskapen, utnemnde til riddar av "Nordstjerneordenen".

Mange born

Nils L. Landmark fekk i to ekteskap til saman 15 born, og nokre av dei nemner vi her:
Frå første ekteskap med prestedottera Barbra Widing Heiberg frå Gloppen (sjå Gabriel Heiberg (Gloppen)):
- Johan Widing Heiberg Landmark som var første ordførar i Fjaler og seinare fut i Sogn. Far til Georg Henrik Landmark, som vart kst. fut i Sogn og seinare fut i Salten og Nordre Helgeland.
- Karen Marie Landmark f. 1808, gift med Sunnfjord-futen Jens Hvoslef (sjå: Kjende personar i Førde fødde år 1830-1850) som var busett på Bruland i Førde.
- Lars Stub Heiberg Landmark, første distriktslegen i ytre Sunnfjord og far til Madagaskar-misjonæren Nils Landmark og kokebokforfattar Marie Landmark.
- Andrea Landmark (1816-1912), gift med Selje-lensmannen Arnoldus Hess Lem.
- Johan Daniel Landmark (1820-1882), prest m.a. i Selje og Førde og far til hagedyrkingspioneren Jonas Rein Landmark .

Frå andre ekteskap med prestedottera Christine Wilhelmine Lange frå Furnes:
- Theodor Landmark som m.a. skipa Norges Bondelag.
- Even Anton Thomas Landmark, som verta rekna som grunnleggjaren av norsk lakseforvaltning.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no