Lærarskuleeksamen 1934, og lærar ved framhaldsskulen i Fjaler frå same år.
Aktiv motstandsmann
Var aktiv motstandsmann under krigen, og vart saman med andre norske lærarar arrestert i 1942 og sat i fangenskap på Grini, seinare Kirkenes i åtte månader.
Skulestyrar
Styrar ved
Falchs Pensjonat- og Middelskole 1943-1969. Dreiv i åra 1944-1951 også Sunnfjord Gymnas saman med brørne Sverre Fagerheim og
Magne Fagerheim. Var styrar for den nyskipa ungdomsskulen i Fjaler 1960-1964.
Studerte i utlandet
Var ved Geneve-skulen i 1947, hadde same året Conrad Mohrs stipend, og reiste til Sverige for å studere sosialismen. Hadde fleire opphald i nordiske land for å studere folkeopplysningsarbeid.
|
Oddleif Fagerheim vert mellom anna hugsa som ein engasjert og engasjerande talar. (Foto: NRK) |
Politikar
Kommunestyremedlem 1937-1975, sat i formannskapet 1945-1975 - av desse to år som varordførar. Fastløna fylkessekretær i Arbeidarpartiet 1947-1950. Fylkesformann i Arbeidarpartiet 1948-1950, og mangeårig leiar av lokallaget i Dale. Vararepresentant for Arbeidarpartiet 1950-1953 og 1958-1961. Fast representant for Arbeidarpartiet på Stortinget 1969-1981. Engasjerte seg sterkt i miljøspørsmål og vart i 1985 ekskludert frå Arbeidarpartiet då han ved Stortingsvalet stilte til som toppkandidat på ei venstreradikal "miljøliste" utan å kome inn.
|
Frå heimen sin på Dalsåsen hadde Thora og Oddleif ein storslagen utsikt over Dale og Dalsfjorden. (Foto: NRK) |
Gav vekk eigedomen
Saman med kona Thora Nitter Fagerheim gav Oddleif Fagerheim på 1970-talet eigedomen sin Dalsåsen til Nordisk Råd. Fagerheim ynskte at det skulle byggast ein nordisk folkehøgskule på eigedomen, men i staden kom
Nordisk Kunstnarsenter, som vart opna i 1998.
Tildelt
Fylkeskulturprisen 1991 for sitt arbeid for folkeopplysning og kultur.
Far til
Yngvild Fagerheim.
|
Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen. (Foto: NRK) |