Den gamle gjestgjevarstaden og skysstasjonen Tross låg ved sjøkanten, midt i det som no er Dale sentrum.
Anders Anderson Søreide
f. 1829 på Kyrkjebø dreiv handel i Flekke midt på 1800-talet. Han var jaktebyggjar og hadde eiga jakt for frakt av varene. Han drukna i 1875 då han skulle føre noko tømmer over Hovlandsvatnet.
H. Aagesen var truleg den første som starta landhandel på Straumsnes ein gong på 1850-talet.
Ole Samuelsen Berntsen
frå Kristiansand starta landhandel i Dale kring 1860. Seinare tok Johanne Yksnebjør over forretninga og dreiv fram til 1930 då Øystein Sørebø overtok. I 1937 gjekk han i samarbeid med
Dale Samvirkelag. Øystein Sørebø dreiv elektrisk forretning fram til 1964 då Leiv Sørebø tok over og dreiv den til 1974.
Henriette Beate Smith
overtok ein eigedom i Dale i 1877. Her dreiv ho og mannen Johan Wilhelm Smijohanson landhandel fram til ca. 1890, då ho selde eigedomen og etter fleire eigarskifte kjøpte Mons Grøvlen huset i 1914 (sjå:
Mons Grøvlen - handel).
Hermann Tysse
starta kring 1880 landhandel på garden til Mons D. Hustveit i Flekke. Denne butikken gjekk mellom fleire eigarar, og vart truleg driven eit stykke fram på 1900-talet.
starta i 1880 landhandel på Leitet.
Seinare vart butikken teken over av Botolv og Olga Løset, og frå 1918 av Arne K. Haugland, som også hadde dampskipsekspedisjon og post. Siste eigar av butikken var sonen Bjarne Haugland. Butikken vart lagt ned på 1970-talet.
Østen J. Flekke
starta kring 1890 landhandel på kaia i Flekke. Sonen Karl Ø. Flekke tok over i 1907, og seinare dreiv Odd Eikevik butikken fram til han i 1947 tok over butikken som Kornelius Stav (sjå nedanfor) og dottera Laura hadde drive ein annan stad i bygda.
Kornelius Stav
starta i 1892 landhandel i Flekke. I 1935 overtok dottera Laura Stav butikken og dreiv til 1947. Då tok Odd Eikevik over og dreiv til 1964. Deretter dreiv brørne Rolf og Jan Haugen frå Dale forretninga som filial til butikken sin i Dale eit par år før den vart avvikla.
Ole Andreas Skaar
|
I Skaar-huset var det bokbbinderi og bokhandel i kjellaren, og seinare telefonsentral i 1. høgda. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
starta i 1897 landhandel og bokhandel i Dale. Forretninga hadde også sal av fotoartiklar og eigen råmeverkstad, og det var også telefonsentral i forretningsbygget som han reiste i 1901. Skaar produserte også lampeskjermar i pergamentpapir. I 1939 tok sonen Gustav Skaar over bokhandelen, og i 1932 også bokbinderiet som firmaet dreiv.
- landhandel frå 1903, dampskipsekspedisjon og fabrikkar.
Landhandel i Guddalen
|
Nærbutikken i Guddalen i 1992. (Foto: Stein Magne Os, NRK) |
I 1905 starta Herman Gallefos landhandel i Guddalen. I 1926 overtok Einar Kalstad firmaet under namnet Herman Gallefos Eftf. Då Kalstad døydde i 1950, vart det organsiert eit Guddal Samyrkelag, som sto føre butikkdrifta til det gjekk konkurs i 1962.
- starta i 1907 landhandel med eige forretningsbygg i Flekke.
Ivar Bendikson Systad
frå Åfjorddalen starta kring 1910 landhandel og tønnefabrikk nede ved fjorden i Flekke. Då bygningane brann i 1922, flytta han heim til Åfjorddalen og vart gardbrukar. Butikktomta i Flekke er seinare kjøpt av Fjaler kommune til båthamn.
David Folkestad
starta landhandel i Folkestad 1910, og var dampskipsekspeditør. Han bygde også sjøbu og dreiv med sildesalting, og hadde notbruk for sild og brisling. Sonen Harald Folkestad tok over i 1964 og dreiv butikken under firmanamnet H. D. Folkestad til midt på 1980-talet.
i Dale i 1914.
Gina Hermansen
starta landhandel i Dale i 1913. Etter nokre år tok Olaf O. Sletteland over. Sletteland dreiv også kafe. Ei tid hadde han opptil fem personar i arbeid.
i Snekkevågen på Fure frå 1917.
Isaksen - landhandel
Kring 1920 starta bergensaren Isaksen landhandel i Folkestad, og han tilsette Jerke Isaksen, som han var onkel til, som styrar. Butikken vart overteken av Dagny Einen i 1950. Ho dreiv i fem år i den gamle sjøbua til Isaksen før ho bygde nytt bustad- og forretningsbygg i 1956. I 1980 vart det bygt ny butikk, som vart lagt ned i 1992.
starta i 1921 landhandel i Dale, og bygde seinare avdelingar for klær og skotøy.
· Landhandel, ekspedisjon, pakkhus m.m.
· Handelsstova AS
· L.J. Sagevik
· Stjernen Café
· Fiskematforretning
· Solheim Snekkerverksted
· Dale Spesialvarer AS
· Fjaler Matsenter (
Dale Senter ANS)
· Fjaler ungdomsheim
Handelsstova A/S
-
Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.
Straumsnes landhandel
sjå
Handel på Straumsnes.
Ole J. Engen
- på folkemunne kalla "Skara- Ola'en" - starta landhandel i Guddalen i 1930, og dreiv til kring 1970.
skipa i 1937 m.a. etter opptak frå Oddleif Fagerheim.
Arne A. Engen
starta landhandel i Guddal i 1939. Han overlet seinare drifta til Joveig og Andreas Engen. Då dei gav seg i 1997, tok eit bygdeeigd aksjeselskap over og dreiv vidare under namnet Guddal Nærbutikk AS. I 2002 er dette einaste daglegvarebutikk i Guddalen.
Martin Strand og Hjalmar Tyssedal
starta i 1939 landhandel på Strand. Frå 1941 overtok Martin Strand åleine. Han dreiv også handel med tønner som vart produserte av folk i bygda.
starta landhandel ved kaia i Hellevik kring 1950.
var starta i Dale av brørne Rolf og Jan Haugen i 1950.
Korssund Handel
i 1962 - sjå "
Handels- og gjestgjevarstaden Korssund".
Fure Handel A/S
- sjå
Nikolai Straaken - landhandel.
kjøpesenter bygt i Dale i 1988. Bygget er på 2300 kvadratmeter fordelt på tre høgder.
Flekketunet
- sjå
Georg Storaker - landhandel og forretningsbygg.
Guddal Nærbutikk AS
starta 1997 - sjå Arne A. Engen 1939 lenger oppe.
Hellevik Daglegvarer
- sjå
Nils og Laura Lone.
Coop Dale BA
-
Dale Samvirkelag.