Gjestgiveri i Flekke
I Flekke var det gjestgiveri på 1700-talet på ein stad som kallast Hola. I 1762 søkte enkja Maren Nilsdotter om å få skjenke øl, og fekk sterk støtte frå heile Guddalen, som ynskte å sløkkje tørsten i Flekke når dei hadde ærend til fjords. Gjestiveriet vart overteke av ein bergensar då Maren gav seg, og no vart staden i papira kalla "Schitne-Hollen" - på godt norsk "Skitnehola".
i Dale vart starta på 1890-talet av
Thora Wettergren som i 1911 vart disponent for Dale Kloggfabrikk.
vart starta i 1923 i eit hus som tidlegare hadde vore grendaskule på Håland.
Nils Skagen
starta i 1934 pensjonat i Dale. Pensjonatet låg like ved dampskipskaia.
Fjordane Hytteutleige
i Hellevik vart starta i 1976 av Inger Hellevik. Verksemda driv utleige av 14 hytter.
Grytøyra Hytteutleige
på Grytøyra vart starta i 1987 av Aud Einen. Firmaet driv med tre hytter.
Hammerset Hytter
i Hellevik vart starta i 1993 av Ragnar R. Kjøsnes, som har tre hytter til utleige.