På skipingsmøtet på
Osen gard teikna det seg 26 medlemer. Landmark vart formann, og prost
Jens Ludvigsson Rennord vart varaformann.
Laget arbeidde for planting av nyttige treslag som ask, alm, pil og lønn, og det fekk bøndene til å plante frukttre og dyrke humle (for ølbrygging). Sogneselskabet stimulerte nydyrking, og sette opp premiar for både godt dyrkingsarbeid og for å utrydde ulv, som på den tida gjorde stor skade på bufe - sjå:
Rovdyrplaga i Fjaler.
Vegar og bygging
Vidare arbeidde Sogneselskabet for at det vart bygd køyrevegar til gardane. Det delte ut nye "franske jernspadar" til bøndene og fekk korpssmed
Barthold Vonen til å utvikle ein ny plog av jern. Laget delte også ut timoteifrø til ny graseng. Dei sende folk til Sunnmøre for å lære nye byggjemetodar for moderne låvebygningar, og laget ytte også stønad til folk som hadde mista garna sine på sildefiske.
Delt i to
I 1856 vart Sogneselskabet av praktiske grunnar delt i eit Ytre og Indre Holmedals sokneselskap. Det indre dekte då Gaular kommune, med namnet
Indre Holmedals Vel.
I 1873 gjorde Ytre Holmedal Sogneselskab under leiing av distriktslege
Lars Stub Heiberg Landmark, opptaket til skipinga av
Fjaler Sparebank.
I Fjaler vart det seinare skipa jordbrukslag i kvart sokn.