|
Bautasteinen frå Tross. (Foto: NRK) |
På Tinghogane vart det funne ein bautastein på 4,25 meter.
Klebersteinsbrot i Gjølanger og Dale
I Solvik ved Gjølanger har det frå gamalt av vorte brote kleberstein som m.a. vart nytta til kokekar, tørkeheller, omnar og ljoresteinar (ved taktekking). Liknande klebersteinsbrot fanst også på Bortnheim og Jarstad ovanfor Dale. Her kom folk langeveges ifrå for å hente seg kleberstein.
Småkongane som kappgjekk
Segna fortel om to småkongar som ein gong budde i Flekke og på Heggheim i Guddalen. Dei krangla støtt om grensene. Så ein gong vart dei samde om å gå kvarandre til møtes for å avgjere striden. Dei skulle starta heimanfrå når sola rann. Der dei møttest, skulle grensa setjast. Dei møttest i grenda Bjordal. Men Flekke-kongen meinte at kongen frå Heggheim hadde tjuvstarta. Det vart slagsmål så blodet rann, og Heggheim-kongen vart drepen. Framleis heiter staden der dei to kongane møttest i Bjordal "Heggheims-brua".
Ved den gamle siglingsleia i det trange Korssundet luter ein fire meter høg steinkross på ein haug. Sundet har fått namn etter den mystiske krossen.
Karihola ved Hovlandsvatnet
Ei gamal segn fortel at eit nyfødd jentebarn vart funne i ei hole ved garden Øyrane ved Hovlandsvatnet ein gong på 1700-talet. Hola låg eit stykke frå husa, like ved vegen gjennom grenda. Barnet var kledd i uvanleg fine klede. Folket på garden tok jenta til seg, og seinare vart ho gardkone på Øyrane. Hola der jenta vart funnen, heiter Karihola den dag i dag.
Heggheimsteinen
På fjellet mellom Guddal og Steiestøl finn ein "Heggheimsteinen". Segna vil ha det til at eit likfylgje frå garden Heggheim som skulle til kyrkja i Dale, vart overraska av snøstorm på veg over fjellet. Dei måtte setje kista bakom steinen, der ho vart ståande til våren. Difor namnet Heggheimsteinen.