Nordre Bergenhus Amt vart skipa i 1763 då fullmektig hos stiftsamtmannen i Bergen,
Joachim de Knagenhjelm etter mykje mas fekk frådelt Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) som eige amt frå det store Bergenhus Stiftsamt. Knagenhjelm styrde amtet frå det gamle ættesetet til Knagenhjelm-slekta i Kaupanger (sjå:
Historia i Sogndal). Men frå han slutta som amtmann i 1771 og fram til 1840 budde amtmennene for Nordre Bergenhus i Bergen og styrde "nordfylket" derfrå.
I 1840 flytta amtmann Christian Ulrich Kastrup til Lærdalsøyri og busette seg der. Embetssetet vart verande på Lærdalsøyri fram til 1862, då det vart flytta til Hermansverk.
I 1837 kom formannskapslovene som opna for kommunalt sjølvstyre og folkevalde styringsorgan på fylkes/amtsnivå.
I juli 1838 kalla amtmann Christian Ulrich Kastrup saman 22 ordførarar frå heile fylket til det første fylkestinget på Tross. Ordførarforsamlinga var sterkt prega av embetsfolk og lokal overklasse: ni av ordførarar var prestar, tre offiserar, to advokatar og to var handelsmenn. Også futane i Sunnfjord og Nordfjord og futen i Sogn var til stades. Prost
Niels Griis Alstrup Dahl frå Eivindvik vart valt til oppmann (formann) i det første fylkestinget.
Det fortel litt om amtmannen si sosiale stilling at Dahl tiltala Kastrup med "Deres Høivelbaarenhed" då han takka for vervet som "fylkesordførar"!
Budsjettarbeidet på dette første fylkestinget var prega av nøysemd og spareiver, noko som m.a. førde til eit svært magert vegbudsjett.
I 1988 samlast fylkestinget på Tross på nytt for å feire 150-årsminnet for det første fylkestinget i Sogn og Fjordane.