Nitter-slekta innvandra anten frå Skottland eller Flandern i Belgia. I Sogn og Fjordane finn vi Nitter-slekta først i Hafslo-området (sjå:
Historia i Luster).
Budde på Sande
Trude Nitter var fødd i Solvorn og budde ei tid på Sande i Gaular før han flytta til Tysse. Sonen
Hendrich Nitter utvida eigedomen på Tysse i 1773 då han kjøpte det andre bruket som Nagel åtte der. Hendrich Nitter slo seg etter kvart opp som ein av dei største jordeigarar i Sunnfjord, og hadde til saman hand om 53 eigedomar.
Ein av sønene til Hendrich Nitter, Knudt Christopher, vart eigar av
Dale gard og gjestgjevar på Tross (sjå:
Skysstasjonen og handelsstaden Tross).
Nitter-folka på Tysse var svært velståande. På garden arbeidde det i 1801 sju tenestejenter og fem drengar.
Nitter-familien åtte storgarden Tysse fram til 1809, då sorenskrivar
Nils L. Landmark kjøpte garden. Etter dette vert garden Lone i dalen sør for Hellevik hovudsete for Nitter-folket.