|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Fjaler: Landmarkane - pionérar i norsk landbruk | Hovudhuset på Tysse. |
Sorenskrivar Nils L. Landmark vart ein av føregangsmennene innan jordbruket i fylket. Tysse-garden vart dyrka opp til eit mønsterbruk. Han planta frukttre og skog, og innførte fleire nye tresortar. Publisert 17.09.2002 12:20. Oppdatert 17.09.2002 15:10. | Driftsbygning på Tysse. |
Landmark vart stortingsmann i 1821, og i 1836 skipa han Det Holmedalske Sogneselskab som m.a. arbeidde for fremjing av moderne jordbruksmetodar, jorddyrking, bygging av vegar og moderne driftsbygningar - og utrydding av ulv.
| Nils L. Landmark var føregangsmann i jordbruket. |
På Tysse dreiv Landmark ein slags "jordbruksskule" ved å ta inn bondegutar som fekk opplæring i moderne landbruk.
Fleire av etterkomarane til Nils L. Landmark arva interessa for jordbruk, og sette djupe merke etter seg. Særleg gjeld dette sonen Johan Theodor Landmark, landbrukslærar og dosent, som i 1894 skipa Norsk landmannsforbund - forløparen til Norges Bondelag. I 1937 vart det reist ein minnestein over skiparen av Norges Bondelag på Tysse.
| Bauta over Johan Theodor Landmark på Tysse. (Foto: Asle Veien, NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|