SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Fjaler:

Industristaden Dale

Industrien i Dale vart bygt ved fjorden. Fremst er Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk, lenger bak er Wilken-bua og andre industriverksemder. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Industrien i Dale vart bygt ved fjorden. Fremst er Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk, lenger bak er Wilken-bua og andre industriverksemder. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Saman med Holmedal på nordsida av Dalsfjorden, var Dale den mest mangslugne industribygda i fylket kring 1900.

Publisert 18.09.2002 10:21. Oppdatert 27.11.2002 11:31.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Sosietetsmiljøet i Dale [WM]  (LYD) Oddleif Fagerheim fortel om sosietetslivet i Dale og Torbjørn Halvorsen les frå C.J. Hambros minne frå barndomstid i Dale.
Mykje av aktiviteten stod bergensaren Johan Jenssen for. I tillegg til å starte teglverk, smørfabrikk, brusfabrikk og ullvarefabrikk på nordsida av fjorden, fekk han også i gang Dale Kloggfabrik i 1899. Under nye eigarar og namnet A/S Jarl Skofabrikk voks denne fabrikken til å verte hjørnesteinsbedrifta i Dalsfjorden med over 200 tilsette på det meste.

Dei rike sildefiskeria kring Kinn på 1800-talet skapte aktivitet og industri langt innover fjordane. Kjøpmann Wilken Nitter bygde ei stor sjøbu i Dale der han dreiv sildesalting.

Tønneproduksjon vart viktig heimeindustri på dei fleste gardar kring Dalsfjorden. Frå Eikefjorden kom brørne Ola Hovland og Aksel Hovland og bygde opp store tønnefabrikkar i Dale.

I mellomkrigstida auka auktiviteten sterkt, og folketalet i tettstaden Dale vart langt over dobla på ti år: I 1920 budde det 206 personar i Dale - i 1930 var folketalet kome opp i 463. I 1950 hadde folketalet auka til 700 i den vesle "industribyen" ved Dalsfjorden. Her kom pølsefabrikk, meieri og ei mengd forretningar.

Eit spesielt kapitel i "industrieventyret" kring Dalsfjorden er Åsnes Skifabrikk, som seks brør starta på Straumsnes i 1922.

Nedgangstider

Tønneproduksjonen ved dei store fabrikkane i Dale er for lenge sidan avvikla. Skofabrikken Jarl gjekk i kne under den store "te-ko-krisa" på 1970-talet, då billege importvarer slo ut det meste av norsk tekstil- og skotøyproduksjon. Åsnes Skifabrikk har ved fleire høve slite i motbakke på 1990-talet, og etter konkurs vart Åsnes-folket avløyste av nye eigarar kring tusenårsskiftet. Fabrikken har sidan freista å finne nye løyper inn i framtida med å utvikle nye skimodellar og produkt.

Sosiale skille

I Fjaler utvikla det seg klåre sosiale skille mellom den etter kvart talrike arbeidarklassen ved skofabrikk og tønnefabrikkar og dei gamle, "finare" familiane av embetsslekt. Medan arbeidarane var tidleg ute med skiping av fagforeningar og arbeidarlag, så pleia det gamle "aristokratiet" i Dale og på Tysse og Haugland eit selskapsliv der "ålmenta" vart halden utanfor.

Ein av dei som skildra denne litt "tidsfjerne" lokale sosieteten, var seinare stortingspresident Carl Joachim Hambro. Hambro voks opp i Bergen, og sommarane ferierte han hos presteslekta si i Dale. I eringsdringsboka "Far og sønn" skildrar Hambro Dale-sosieteten:

"Dale var noget helt for sig selv - et merkelig rede for en gruppe familier av en forsvunnen dyreart - det man en gang kalte "de kondisjonerte". Her bodde de alle som kalte seg Nitter og Egenæs, Smith og Vonen og Falch - alle inngiftet med hverandre i den utroligste grad. Og litt lenger ute var Landmark på Leitet og den engelske familien Lillingston, og over i Flekkefjorden var det gamle fra Haugland. Det var deilige haver med veld av prestegårdsroser og bringebær og gule og røde stikkelsbær og solbær og ribs, og det var en selskabelighet og en sommerflirt som i en dansk prestegårdsroman"

Høyr Torbjørn Halvorsen lese meir frå C. J. Hambro si memoarbok - peikar er øvst på sida.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no