Det store rehabiliteringssenteret på Haugland ved Flekkefjorden er resultatet av at Bergens-advokaten
Christian F. Bekker i 1980 testamenterte Haugland til Røde Kors på vilkår av at det vart bygt eit senter for born i vanskar på eigedomen.
Bekker slekta på morssida frå den gamle lensmannsgarden Haugland, og arva garden i 1906. I gåva fylgde m.a. det store bustadhuset, sjøbuer, samt møblar og inventar med.
Helsesport og rehabilitering
I samarbeid mellom Sogn og Fjordane Røde Kors og Fjaler kommune vart det arbeidd ut planar for eit helsesport- og rehabiliteringssenter som skulle bli Vestlandets svar på senteret på Beitostølen. Sentralt i arbeidet stod distriktssekretær Ingvard Hornnes i Røde Kors og Magne Bjergene som prosjektleiar frå Fjaler kommune.
Sentralleinga i Røde Kors støtta planane, og i 1987 gjekk ein stor del av inntekene frå Røde Fjæraksjonen til Lions Norge til Hauglandsenteret. Dei første hybelhusa som vart bygde ved senteret vart på 1980-talet nytta som bustad for flyktningar.
Opna av Kong Harald V
I 1991 vart dei storfelte planane for heile senteret godkjende av regjeringa, og senteret vart opna i 1992 av Kong Harald.
I tillegg ei mengd paviljongbygg for pasientar, inneheld Hauglandsenteret eit stort sentralbygg med plass til behandlingsrom, terapibasseng og felles opphaldsrom, og heile senteret stod ferdig utbygd i 1994.