|
Måleri av garden på Haugland. |
Han vart fødd på Madagaskar, der den tyskfødde faren Frantz Friedrich Becker var misjonsprest. Tre år gamal flytta misjonærforeldra til Bergen, der Frantz F. Becker vart lærar på Hambros skole.
Christian Bekker utdanna seg til jurist og starta advokatpraksis i Bergen. Mora kom frå Askvoll, men ætta frå den gamle lensmannsgarden Haugland ved Flekkefjorden. Denne eigedomen arva Christian Bekker seinare.
|
Måleri av lensmannsgarden Haugland i Flekke. |
Då han døydde 103 år gamal i 1980, testamenterte han Haugland til Sogn og Fjordane Røde Kors, med klausul om at eigedomen måtte nyttast til eit senter for born i vanskar.
Her bygde Røde Kors på 1980-talet
Hauglandsenteret, eit rehabiliteringssenter etter mønster frå Beitostølen i Valdres.
|
Bustadhuset til Bekker er i dag ein del av Hauglandsenteret. (Foto: NRK) |
Bustadhuset på Haugland og andre opphavelege bygningar frå Bekker si tid er ein del av senteret. Bror til
Helga Bekker.