SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Fjaler:

Herbjørn Sørebø

(Foto: NRK)
(Foto: NRK)
Herbjørn Sørebø (1933-2003). Fødd i Fjaler, busett i Oslo/Lillestrøm. Programredaktør og forfattar.

Publisert 20.09.2002 09:19. Oppdatert 10.04.2003 09:43.
Utdanna ved Journalistakademiet 1956. Redaksjonssekretær i "Norsk Barneblad", journalist og reportasjesjef i "Vårt Land" 1955-1956, programsekretær og stortingsmedarbeidar i NRK frå 1964 - først i Dagsnytt/radio, og frå 1972 leiar for innanrikspolitisk avdeling i Dagsrevyen/fjernsynet.

Føregangsmann i journalistikk

Programredaktør og sjef for Dagsrevyen 1988-1990, og frå 1990 programdirektør i fri stilling. Sørebø vart ein føregangsmann i norske media i utvikling av ein meir sjølvstendig og oppsøkjande politisk journalistikk.

Mange tillitsverv

Han hadde ei rad tillitsverv innan norsk presse og målrørsle, og som måldyrkar fekk Sørebø m.a. "Vinjeprisen" frå Riksfondet for nynorsk presse i 1987.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2003.

Stor bokproduksjon

Som forfattar har Sørebø ein svært allsidig bokproduksjon som m.a. femnde om politiske momoarbøker, humorbøker, kåserisamlingar og lyrikk:

1970 Minuttdemokratiet
1971 Slik sprakk koalisjonen
1972 Bønder spelar ikkje tennis
1972 Ei natt i september. Med Trygve Bratteli gjennom EF-natta
1974 Alle reiser er ein omveg heim
1975 Mannen med arret
1976 Glade glis i Tinget
1976 Journalistikk (Kursbok)
1977 Blues bak mange blånar
1979 Tidleg ein morgon
1981 Lik i tomt hus
1982 Norske smil
1982 Nye norske smil
1982 Det svarte kjøtet
1984 Breie norske smil
1985 Glade norske smil
1985 Farvel desember
1986 Friske norske smil
1986 Straffespark i lusekofte
1986 Viser for ver og vind
1987 Frekke norske smil
1987 Tapte jomfruer : spalter
1988 Blide norske smil
1988 I godstolen : kåseri for fleire antenner
1989 God kveld igjen
1989 Lune norske smil
1990 Alltid på ein søndag
1990 Skeive norske smil
1991 Sprø norske smil
1991 Takk for sist
1992 Barske norske smil
1992 Høge hopp i fallskjerm
1993 Store norske smil : humoristiske høgdepunkt 1982-1992
1993 Gull og gråstein
1994 Fast fisk
1995 Livet i Lottoland
1995 Norsk humor (Redaktør)
1996 Søndagspost
1996 Fløytelåt : eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande
1997 Vers på vegen
1998 Den som går i genser får ikke slipset i sausen
2000 Ein storm frå vest
2001 Jens R.
2003 Medieliv

Alle "norske smil"-bøkene er laga i samarbeid med teiknaren Audun Hetland.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no