På 1970-talet bygde Statoil den nest største oljehamna i Europa på Mongstad, lengst nord på Lindåshalvøya. Gulen kommune, med dåverande ordførar
Ola Byrknes i spissen, tok tidleg til å arbeide for å skape ringverknader av aktiviteten på Mongstad i eigen kommune.
|
Ola E. Byrknes. |
Berre Fensfjorden skiljer Gulen kommune frå oljeterminalen, som har opptil 2000 skipsanløp i året. I samarbeid med grannekommunen Masfjorden og SIVA (Statens Industrivekstanlegg), vart Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap skipa i 1994. Seinare kom også Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune inn som medeigarar.
Hamna i Sløvåg
Det mest synberre samarbeidsresultatet er den store bunkringshamna og industriområdet som er bygt i Sløvåg lengst sør i Gulen. Her er det investert store summar i eit industriområde på 1.100 dekar, i store kaier der skip på opptil 300.000 tonn kan leggje til, og fortøyningsbøye for skip frå 50.000 til 150.000 tonn.
Bunkersanlegg
|
Tre av tankane til Hasan Tanks under montering i Sløvåg. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Kaianlegga er bygde av utbyggingsselskapet som leiger anlegget til driftsselskapet Fensfjord Marine AS.
Selskapet Hasan Tanks AS har gjort avtale med Statoil om å byggje og drive eit stort bunkersanlegg i Sløvåg, mot at Statoil har disposisjonsretten over anlegget. Anlegget kan lagre 80.000 tonn bunkersolje. Her kan tankskip etter lossing på Mongstad få spylt tankane, fylle på drivstoff og få utført naudsynt vedlikehald og reparasjonar før ny tur.
Industrietableringar
I 1998 starta selskapet Baker Oil Tools fabrikk i Sløvåg. Fleire lokale bedrifter har etablert seg på industriområdet i Sløvåg. Dette gjeld ikkje minst Wergeland-gruppa (sjå:
Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket), som i tillegg til eit anlegg for handtering av spesialavfall også har bygt ut steinknuseverk og sementvareindustri på området.
Bøyer og protestar i Brandangersundet
I Brandangersundet har Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap lagt ut ei stor ankringsbøye, der tankskip som ventar på lossing ved Mongstad-anlegget kan fortøye medan dei ventar på tur. Bøyene er store nok til å halde skip på opptil 150.000 tonn. Alternativet var tidlegare å liggje ute på havet og vente på tur på Mongstad, noko som kunne vere risikabelt dersom tankskipa mista motorkraft og dreiv mot kysten eller råka installasjonar i Nordsjøen.
Men hyttefolk og fastbuande langs Brandangersundet tykkjer lite om det nye granneskapet. Dei protesterte mot at store tankskip skulle øydeleggje utsikt og idyll langs sundet, men vart ikkje høyrde.