SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gulen:

Lovisendal

Lovisendal sett frå nedsida i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Lovisendal sett frå nedsida i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Like ved kyrkja i Brekke ligg eit vakkert, gamalt herskapshus med halvvalma tak. Dette er den gamle offisers- og sorenskrivargarden Lovisendal - også kalla Løytnanthuset. Huset er freda.

Publisert 17.10.2002 10:09. Oppdatert 07.11.2002 13:21.
Namnet Lovisendal hadde huset frå 1819, men det gamle namnet var Breche Gaard. I gamle dagar var det eksersisplass like ved elveosen i Brekke, og heilt frå 1677 budde det offiserar på Breche Gaard. Ein av dei mest kjende var seinare oberst Even Kraft som gjorde seg kjend i striden med svenskane i Ellevårskigen 1709-1720. Som offiser i Bergenhusiske Regiment budde han i Brekke frå 1727 til 1745 i eit hus som vart kalla Løytnanthuset.

Storstove vert skulestove

Brekke kyrkje.
Han kjøpte også kyrkja i Brekke i 1725, og i 1727 bygde han eit stort bustadhus på garden. Her var det m.a. ei gild storstove, og til saman fem kakkelomnar varma opp det store huset. Løytnanthuset tente heretter m.a. som skulestove.
Då oberst Even Kraft flytta til Munkholmen ved Trondheim som kommandant der i 1745, overtok sonen Wincentz Henrich Kraft Lovisendal. Han var offiser som faren, og styrde Lovisendal til 1753, då han flytta til Danmark for å overta ein gard han hadde arva der.
Broren, kaptein Knud Kraft, overtok på Brekke. Han bygde i 1753 ei tømra ark på hovudhuset og la nytt pannesteinstak på kyrkja.

Lovisendal vert sorenskrivarsete

I 1769 vart Lovisendal med Breche Gaard sorenskrivarsete for Ytre Sogn ved at justisråd og sorenskrivar Niels Hegelund Holtzrod kjøpte eigedomen og busette seg der.
Sorenskrivardistriktet hans femnde den gongen om store delar av Sogn - frå øyane i Gulen og Solund i vest og til Frønningen i aust. Hegelund Holtzrod var sorenskrivar til 1799, og hadde slege under seg store eigedomar i embetstida si.

Breche Gaard vert "Lovisendal"

Dansken Engelbreth Hesselberg var sorenskrivar frå 1800, og i 1808 kjøpte han Brekke med hovudhus, gardstun og kyrkje frå dødsbuet etter forgjengaren. Hesselberg vart buande der til han døydde i 1813. Men på dødsleiet selde han Breche Gaard med hovudhus og tun til grosserar Edvard Isach Hambro i Bergen. Hesselberg-enka fekk bu på garden eit års tid før sorenskrivar Peter Boerthman Voss frå København kjøpte Brekke og busette seg der i 1814, men Hambro heldt unna ein del av eigedomen. Det var sorenskrivar Voss som tok til å kalle eigedomen for Lovisendal, etter kona Louise.
På Lovisendal voks sonen, seinare professor Joachim Andreas Voss opp. Då sorenskrivar Voss fekk eit anna embete i 1825, var det slutt på sorenskrivar-epoken i Brekke.

Lovisendal og sokneprest Dahl

Voss selde Lovisendal og resten av garden til Eivindvik "skulekommune" då han flytta. Bak dette kjøpet stod den aktive presten Niels Griis Alstrup Dahl. Han ivra sterkt får å få i stand fastskular til avløysing for omgangsskulen, og no vart Lovisendal skulehus og lærarbustad for Brekke krins.
I 1827 kjøpte Dahl like godt heile eigedomen. Dette gjorde han m.a. for å få bukt med brennevinsskjenkinga på gjestigiveriet Sjøstuen som låg på garden. Slik hadde Dahl også gjort på gjestgjevarstaden Skjerjehamn.

Handel på Lovisendal

Heilt fram til 1965 vart det drive landhandel i dei gamle bygningane på Lovisendal - det meste av tida av familien Ellingsen. Sjå nærmare om dette under Ole Hatteberg og Ellingsen Dagligvarer.

Baksida av Lovisendal. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no