I dag går E 39 ferjefritt over den mektige Nordhordlandsbrua og gjennom flotte tunnelanlegg i Nordhordland og Gulen.
Men stamvegsambandet etter ytre line hadde mange motstandarar før det endeleg vann fram:
Første vegen over fylkesgrensa
Det første sambandet som nytta landevegen over den ytre lina Bergen-Sognefjorden, var
Den Trondhjemske Postvei i Gulen frå 1785. Men over land var dette stort sett berre ein rideveg frå Rutledal til Postvåg, og gjekk gjennom terreng som var lite eigna for seinare vegsamband.
I 1905 fremja Brekke kommunestyre det første kravet om veg etter "E 39-lina" frå Instefjord og over til Hordaland, men fekk avslag. I 1934 vart likevel arbeidet på denne vegen sett i gang som naudsarbeid for arbeidslause, og vegen vart ferdig til fylkesgrensa like før 1. verdskrig.
|
Lasse Trædal. (Foto © Fylkesarkivet) |
Den første som tok opp tanken om ei landverts transportåre mellom Bergen og Sogn over ytre line, var stortingsmann
Lasse Trædal. Han kjempa i mange år for at ei vestlandsk "stamjernbane" burde fylgje ein trase gjennom Nordhordland og fram til Oppedal ved Sognefjorden omlag etter same lina som E 39 fylgjer i dag. - I sanning ein framsynt mann!
Men visjonen til Lasse Trædal kvarv på 1920-talet, då den store jernbaneepoken var over og bilen kom på moten.
Kamp mellom transport på sjø og land
Utover 1950-talet tok rutebilselskapet
Firda Billag til å interessere seg for eit landverts rutesamband til Bergen gjennom Gulen: I 1954 søkte Billaget om å få starte ei kombinert gods- og passasjerrute Førde-Gulen-Bergen, men fekk avslag.
Firda Billag og andre som ville bruke landevegen til godstransport Bergen-Gulen-Sogn, vart frå då av og heilt fram til 1980-talet aktivt motarbeidde av
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, som på dette viset ville verne sitt monopol på Bergens-rutene.
Men presset auka, og for å sleppe ut litt damp, starta Fylkesbaatane sjølve ei godsbilrute Brekke-Gulen-Bergen i 1964. Fire år tidlegare hadde selskapet også effektivisert godstransporten med båt på Bergen ved å bygge pallebåtane "Kommandøren" og "Nordfjord I".
Lotetunnelen
(2800) meter), og ferjestrekninga Lote-Anda – Sjå
Samferdsle i Eid.
Ekspressbussane kjem
I 1968 vart det ein slags "borgfred" mellom Fylkesbaatane og Firda Billag, ved at dei starta felles godsbilrute Bergen-Gulen-Førde-Sandane. Men på passasjersida måtte Firda Billag i mange år omgå motstanden frå Fylkesbaatane ved å drive busstrafikk mellom Førde og Bergen som ein slags "charter-reiser".
Etter de-reguleringa av rutetrafikken tidleg på 1980-talet, starta nordmøringen Harald Kaald den første ekspressbussruta på Vestlandet i 1984. Kaald-ruta var dårleg organisert og vart etter kort tid avløyst av ei ekspressrute som vart køyrt i samarbeid mellom Bergen Nordhordland Rutelag (BNR), Firda Billag og
Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L. Denne ekspressbussen Trondheim-Bergen har heilt frå starten køyrt "Romarheimslina".
Ferjesambandet over Sognefjorden
Sidan 1990 har ferga på E 39 over Sognefjorden gått mellom Oppedal og Lavik. Men ferjesambandet over Sognefjorden har sidan 1955 hatt ei vekslande historie:
Instefjord-Vadheim var det første ferjesambandet som vart etablert over ytre Sognefjorden. Det opna i 1955 i samband med at vegen mellom Instefjord og Solheim i Masfjorden var ferdig. Den første ferga heitte "Vetlefjord" og kunne ta fire bilar. Den brukte ein time på turen over Sognefjorden. På nordsida vart ikkje vegen mellom Lavik og Vadheim ferdig før i 1960, og før den tid måtte difor ferga gå heilt til Vadheim for å nå fatt i riksvegnettet på nordsida.
Brekke-Lavik frå 1965
I 1965 avløyste Brekke-Lavik sambandet Lavik-Instefjord, og trafikken til Bergen gjekk no i hovudsak over Ynnesdalen til ferjeleiet på Risnes lengre vest i Masfjorden. Dette ferjeleiet vert i 1967 flytta til Duesund, slik at ferjetida over Fensfjorden til Sævråsvågen vart monaleg mindre.
Romarheimslina vert hovudveg
Ein del trafikk frå Sogn og Fjordane tok seg på 1970-talet fram til Bergen over den indre veglina Matre - Romarheim, og med ferje frå Vikanes sørover til Tyssebotn-Stamnes-Bjørsvik.
Men det var først då den lange Eikefet-tunnelen i Lindås vart opna i 1980 at det verkeleg losna:
Denne "Romarheimslina" opna for eit ferjefritt samband heilt frå ferjeleiet Knarvik på sørspissen av Lindåshalvøya og til ferjeleiet på Brekke ved Sognefjorden. Sjølv om mykje av dette sambandet snodde seg på dårlege bygdevegar ved Haugsvær og Matre, så gjekk det ikkje lenge før det meste av trafikken mellom Sogn og Fjordane og Bergen i ytre vart lagt etter denne nye stamveglina.
Stamveg i tunnel
I 1989 opna Jernfjelltunnelen (981 meter) på grensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, og i 1990 vart vegen frå Instefjord til det nye ferjeleiet på Oppedal opna. Her går vegen gjennom det bratte Skrikeberget i ein tunnel på 1.508 meter.
I 1994 opna den mektige flytebrua Nordhordlandsbrua som gav ferjefritt samband på E 39 mellom Sognefjorden og Bergen, og den siste flaskehalsen på vegen frå Matre til Romarheimsdalen vart avløyst av den tre-felts Masfjordtunnelen like før jul i 1995.
På det nye vegsystemet i Gulen og Nordhordland kan ein no t.d. køyre Førde-Bergen på vel tre timar. Dette er ei halvering av køyretida samanlikna med tida det tok over dei gamle veg- og ferjesambanda på 1970-talet.
I 2005 starta arbeidet med å utvide og modernisere E 39 gjennom Romarheimsdalen i Hordaland. Det skal m.a. byggjast fleire tunnelar, og anlegget skal vere ferdig i 2008.