I kvar "ende" av Den Trondhjemske postvei var det plassert rorskarar: I Postvåg ved Eide førde ein posten sørover Fensfjorden til Lindås. Frå Rutledal i nord til Leirvik på nordsida av Sognefjorden. I Gulafjordane vart posten rodd mellom Glenja i Eidsfjorden og Haveland i Nordgulen.
Gamle jektehamner
På sørsida av utløpet til Sognefjorden var Sygnefest (sjå:
Handels- og gjestgjevarstaden Sygnefest), Glavær (sjå:
Handels- og gjestgjevarstaden Glavær) og
Skjerjehamn viktige jektehamner. Også Skottehamna ved Folefotsundet var kjend som ei god hamn. Det same var Vikingvåg på sørspissen av Byrknesøy for siglande som skulle krysse Fensfjorden, og på Fonna kan ein enno finne pollertar der jekter vart fortøya.
Skjerjehamn vart stoppestad skipa i postrute frå 1839 og vart knutepunkt for dampskipa. Eivindvik fekk rutestopp av dei aller første dampskipa som gjekk i postruta mellom Bergen og Lærdalsøyri.
Ferjesambandet Lavik-Instefjord
opna i 1955. Sjå også:
E 39 mellom Sogn og Bergen.
Ferjesambandet Lavik-Brekke
opna 1965, og Brekke avløyste Instefjord som ferjestad på sørsida. Sjå også:
E 39 mellom Sogn og Bergen.
Hurtigbåtrute til Bergen
Fylkesbaatane bygde hurtigbåten "Solundir" i 1972 og sette den i rute mellom Solund-Gulen-Bergen. Båten var 75 fot lang og gjorde 24 knops fart.
Ferjesambandet Rutledal-Rysjedalsvika-Krakhella
vart opna i 1975, medan Rysjedalsvika-Krakhella hadde vore i drift sidan 1972. Sjå elles:
Bitter strid om Rysjedalsvika.
Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik
(Byrknesøy) vart opna i 1980 og drive av BNR. Då Byrknesøy fekk brusamband i 1997 vart Gråvik sløyfa i som ferjestopp.
Ekspressbåten til Eivindvik
Eivindvik kom med på ekspressbåtruta Bergen-Sogn i 1989.
Ferjesambandet Lavik-Oppedal
|
Oppedal ferjekai. (Foto: NRK) |
opna 1990 då Europa-vegen Instefjord-Oppedal og avløyste Brekke som ferjestad på sørsida. Sjå også:
E 39 mellom Sogn og Bergen.
I 1903 kjøpte kjøpmann
Otto Schreuder ein av dei aller første motorbåtane som kom til Sogn og Fjordane.
Kabelferje over Masfjorden
Gulen-firmaet Wergeland Halsvik AS (sjå "
Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket") har sidan desember 2001 drive ei ferje ("Fjon M") med kabeltrekk over munningen på Masfjorden frå Duesund til Masfjordnes. Sundet er 700 meter breidt.
Kystfyr og fyrlykter
- sjå
Sea Cat-ulukka i 1991.