SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gulen:

Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket

Familien Wergeland frå Steine lengst sør i Gulen kommune har bygt opp den største industriverksemda i kommunen. I 2002 sysselset konsernet 150 personar, derav 130 i Gulen kommune.

Publisert 18.10.2002 10:00. Oppdatert 06.11.2002 17:41.

Sandtaket la grunnlaget

Det starta med bonden Trygve H. Wergeland i 1955: På garden på Steine ved Halsvik var det gode sandforekomstar, og i 1955 starta han sandtak og produksjon av blokkstein. I 1964 starta han produksjon av sementrøyr, vegsikringar og andre såkalla "kommunalvarer". Dei tre sønene Hans, Trygve og Steinar og dei tre døtrene Haldis, Målfrid og Vigdis vart alle tilsette i fabrikken. Hans Wergeland overtok som dagleg leiar då grunnleggjaren gav seg. I 1979 starta verksemda produksjon av takstein og utvida til 30 tilsette.

Flytting til Sløvåg

Frå 1987 har Wergeland flytta det meste av produksjonen sin til Sløvåg: Her vart ein ny taksteinfabrikk teken i bruk i 1990. I 1992 opna dei eit behandlingsanlegg for oljeholdig avfall i Sløvåg, og i 1994 starta selskapet eit av dei største steinknuseverka i Nord-Europa i Sløvåg. Herfrå vert det eksportert knust stein til dei fleste land i Nord-Europa.
I Sløvåg driv Wergeland også eit stort betongblanderi. Forutan farga takstein, produserer dei også eit stort utval betongartiklar til offentleg sektor og byggebransjen.
Wergeland-familien har eigarskap og kontroll med den allsidige verksemda gjennom Wergeland Holding AS.

Skipsverft, hotell og ferjedrift

I 1996 overtok Wergeland Holding det konkursråka skipsverftet Solund Skips Service AS (Stad Trading) i Solund, og i 2001 fekk Wergeland Halsvik AS konsesjon på drift av kabelferga "Fjon M" over det 700 meter breie sundet mellom Duesund og Masfjordnes ved munningen av Masfjorden.

I 1999 vart Wergeland Eiendom AS eigar av Eivindvik Hotell.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no