Sjå elles eigen artikkel om arbeidet som postførar under:
Postførarar drukna.
Eivindvik
fekk postopneri 1797. Det låg på den gamle skysstasjonen i Fonnevika vest for Prestesundet. Soknepresten var postopnar. Postførararen, som frakta posten langs den Trondhjemske Postvei lengre aust, likte ikkje omvegen med presteposten ut til Eivindvik. Dei søkte difor om å få leggje posten frå seg i Åmdalsvik, og difor vart Åmdalsvik ved Gulafjordane postkontor i tida 1849-1858. Men så kom Fylkesbaatane i 1858, og postkontoret vart flytta tilbake til Fonnevik. Derifrå vart det flytta over Prestesundet til Eivindvik i 1892.
|
I Brekke er det "Post i butikk" hjå Ellingsen Daglegvarer. (Foto: A. Nybø) |
Brekke
fekk postopneri i 1868, og hadde ordninga til 1998, då bygda fekk ordninga "post i butikk" - sjå bilete øvst på sida.
Bålen
fekk postopneri i 1893 og hadde det til 1968.
Mjømna
fekk postopneri i 1893.
Ytre Oppedal
fekk brevhus i 1895 og postopneri i 1908.
Halsvik
fekk postopneri i 1887. I 1968 vart det lagt under Dalsøyra.
Byrknes
fekk postopneri i 1900.
Oppdalsøyra
fekk postopneri i 1902 med adressa Austgulen.
Dalsøyra
fekk postopneri i 1905.
Ånneland
fekk postopneri i 1906.
Sande og Dingen
fekk postopneri i 1912.
Postrute til øyane
I 1920 vart det starta postrute med motorbåt frå Skjerjehamn til Litle Kvernøy, Vatnøy, Glavær, Hille og Bårøy to gonger i veka. frå 1953 vart ruta utvida til tre gonger i veka.
Hjartholm
hadde brevhus frå 1927 til 1964.
Rutledal
fekk postkontor i 1928.