På Hisarøy nordvest for Eivindvik ligg garden Nyhamar og Skottevika . Staden har truleg namnet sitt frå ei tid kring 1500-talet då skottar, engelskmenn og nederlendarar kjøpte mykje tømmer i Noreg. Det var også gjestgjevar på Nyhamar.
Ved skipsleia sørvest for kommunesenteret Eivindvik ligg Skjerjehamn. I dag ligg staden einbølt til, utan faste rutesamband. Men heilt fram til 1950-talet var Skjerjehamn eit av dei viktigaste knutepunkta i samferdsla i Sogn og Fjordane.
Når jektene i gamle dagar kom nordfrå gjennom Ytre Steinsund i Solund og hadde kryssa Sognesjøen, var Glavær den første jektehamna dei kom til på sørsida.
På austsida - i le for havstormen - låg den gamle handelsstaden Børholmen. Framleis, i 2002, står bustadhuset, ei sjøbu og naust att etter den tida, medan ei tingstove vart riven på 1990-talet.
Austakulingen kunne stå i vekesvis ut Sognefjorden, og jekter på veg innover hadde berre å leggje seg til på Sygnefest og vente på høveleg bør. Det hende at jektene låg verfaste i Sygnefest i sju veker.
Blomholm ligg på øya Grima like nord for Byrknesøy. Her starta folk frå Bergens- slekta Fleum (også skrive Plum) handel og skjenkestove kring 1600.
I Noregåta på Byrknes starta Jacob Biørnsen med handel i 1665. Frå 1672 var det Søfren Berntsson Nagel som dreiv handelen.
Handel ved Brandangersundet
Sør for Eivindvik går kystleia gjennom Brandangersundet. Her ligg Sellevåg, der ein Bergens-borgar som heitte Johan (eller Jon) Dirch dreiv gjestgiveri og handel i nokre år midt på 1600-talet. Dirch er ikkje nemnt etter 1665, for truleg flytta han og busette seg som husmann i Vatsvik ved Skjerjehamn.
Handel på Tunsberg
Garden Tunsberg ligg på austsida av Ånnelandssundet. I 1657 kom ein mann som heitte Torkjel dit. Han var truleg utsend frå Bergen for å drive handel på Tunsberg, som ligg lagleg til ved skipsleia. Her søkte ofte jekter naudhamn når dei ikkje kunne segle over Fensfjorden. Handelsperioden må ha vore kortvarig, og det er ikkje kjent om det vart knytte særskilde privilegium til handelsstaden.
Vikingvåg ligg på sørspissen av Byrknesøy. Her er det registrert gjestgiveri frå 1680.
På Kyrkjøy ved Rutletangane like aust for Sygnefest stod det i mellomalderen ei kyrkje. Her var jektehamn, og frå 1732 vart det drive gjestgiveri med ølskjenking der.
Frå 1733 til 1833 var det også gjestgiveri med skjenkestove i Brekke. På
Lovisendal vart det også drive handel.
|
Rutletangane. (Foto: NRK) |