|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Gulen: Skysskifte og gjestgjevarstad i Skjerjehamn | Handels- og gjestgjevarstaden Skjerjehamn under andre verdskrig. (Foto © Fylkesarkivet) |
Den sentrale plasseringa ved seglingsleia gjorde at Skjerjehamn vart ein naturleg stad å starte med handel, kro og overnatting. Publisert 21.10.2002 11:03. Oppdatert 15.11.2002 09:39.Her var det også skysskifte. Det var kongen som innførte ordninga med at alle embetsmenn og adelege skulle fraktast fritt på land og sjø. Bønder og fiskarar var pålagde skyssplikt utan å få vederlag. Skyssordninga vart organisert med skysstasjonar der ein "skysskaffar" til kvar tid skulle stille nok rorskarar, båtar, ridehestar osb. slik at prestar, lensmenn og andre embetsfolk kom seg lett fram. Den forhatte ordninga med friskyssplikt vart avvikla i 1816.
Truleg har det vore handel og gjestgiveri i Skjerjehamn før 1600. I 1641 vert er det dokumentert at det var gjestgiveri på staden. Første kremmaren ein kjenner var Jon Dirch som kom dit kring 1640. Kristen Søffrensen Eie dreiv staden frå 1665 til 1668, og deretter Jakob Robertsson fram til 1707. På denne tida var Skjerjehamn bygt ut med stort våningshus og fleire sjøbuder.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|