|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Gulen: Handels- og gjestgjevarstaden BørholmenPå austsida - i le for havstormen - låg den gamle handelsstaden Børholmen. Framleis, i 2002, står bustadhuset, ei sjøbu og naust att etter den tida, medan ei tingstove vart riven på 1990-talet. Publisert 21.10.2002 14:52. Oppdatert 07.11.2002 13:41.Her vart det heilt frå omlag 1663 drive handel og gjestgiveri av folk som hadde borgarbrev i Bergen. Den første er Søfren Kristensen Nagel, og frå 1680 finn vi Albert Lampe som kremmar på holmen fram til han døydde i 1701.
Kongeleg privilegiumEtter at staden hadde lege nede nokre år, kjøpte bergensarane Johan Pettersen Fasmer og Cornelius Jansen Foermand eigedomen i 1746, og får året etter kongeleg privilegium på å drive handel og gjestgiveri. Dermed vert Børholmen den einaste privilegerte handelsstaden i Gulen skipreie. Cornelius Foermand tok like etter over heile eigedomen og dreiv staden til 1789.
Då tok Bergens-firmaet Lyder Wentzel Nicolaisen & Søn over på Børholmen. Firmaet dreiv Børholmen fram til kring 1800, men staden vart driven av tenestefolk.
Ein tiltaksfør sunnmøringEtter å ha vore på ulike hender nokre år, kjøpte handelsbetjent Knut Johan Åmundsson (1773-1849) frå Borgund Børholmen i 1817 og dreiv fram til 1837. Han tente m.a. ein god slump ekstra på ulovleg sal av brennevin, og slo under seg mange gardar i Gulen. Han eigde eit par jekter, og starta tranbrenneri på Grimelandet.
Mange av dei som arbeidde for han, kom frå Sunnmøre. I 1840 kjøpte eit par av desse, Petter Måseidvåg og Ole Andreas Eikrem, Børholmen, og desse to dreiv staden saman fram til 1860. Då delte dei eigedomen: Petter Måseidvåg fekk gardsbruket medan Ole Eikrem fekk handelen, og dreiv den til han døydde i 1882. Tre år seinare vart både gjestgiveri og handel på Børholmen lagt ned.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|