SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gulen:

Treskofabrikken i Sellevåg

Treskofabrikken i Sellevåg. (Foto: NRK)
Treskofabrikken i Sellevåg. (Foto: NRK)
I ei bukt ved Brandangersundet ligg framleis den gamle bygningen som ein gong husa ein treskofabrikk. Inne står maskinar og utstyr intakt som om arbeidsfolket berre skulle ha teke middagspause.

Publisert 29.10.2002 09:27. Oppdatert 15.11.2002 15:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Treskofabrikken i Sellevåg [WM]  - Magne Sellevåg fortel om den eineståande treskofabrikken i Sellevåg til reporter Birger Meland.
Treskoa vart uthola maskinelt. (Foto: NRK)
Det var fossen like ovanfor som gav drivkraft til treskofabrikken. I 1870 kjøpte Endre Torkjellsson garden Sellevåg og starta mølledrift under fossen. Mølla dreiv han til 1899, då bergensfirmaet Behrens & Kahrs ved Jon Arnoldsson Kahrs (f. 1851) kjøpte fossefallet og bygde Bergens Træskofabrikk. (Etter bygdebøkene er det noko uvisst kven som først starta fabrikken, for John Opdahl (f. 1851) frå Gryte i Eivindvik er også nemnt som grunnleggjar i 1897.)

60.000 i året

Fabrikken framstilte to treskomodellar: Strilemodellen og Sognemodellen - den siste litt breiare enn den første og med meir "svung" i tåa. Dei fire dreiemaskinane hadde kapasitet til 25 par i timen: Treskoa vart lakka før dei vart lagra på loftet. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året.

Sønene i fabrikkjobb

Tre av sønene til møllaren Endre Torkjellson tok seg arbeid på fabrikken. Ein av dei heitte Torkjell Olai. Han vart arbeidsformann på treskofabrikken i 38 år og dreiv i tillegg landhandel på Sæternes frå 1927 til 1943. Ein av sønene til Torkjell Olai Sellevåg, Joachim Sellevåg, arbeidde også på treskofabrikken, og kjøpte den i 1952.

Over til sagbruk

Etter kvart som etterspørselen etter tresko minka, la verksemda meir over på sagbruksdrift, medan dei spesielle dreiemaskinane vart nytta til produksjon av økseskaft og andre typar reidskapsskaft. Produksjonen av både tresko og skaft tok slutt på 1960-talet.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no