Mathias Hansson Dingen kjøpte saltfisk i Nord-Noreg og starta klippfisktørking på svaberga ved Nyhamar. I 1891 bygde sonen Hans Dingen ein shoddyfabrikk i Dingja.
kjøpte i 1881 eit lite fargeri og starta ein fargefabrikk i Fonnevika i Eivindvik.
Fredrik Larsen starta margarinfabrikken "Stjernen".
På 1890-talet fekk mange bygder i Gulen sine eigne småmeieri. Frå 1967 overtok Bergensmeieriet Gulen som leveringsdistrikt.
I ei bukt ved Brandangersundet ligg framleis den gamle bygningen som ein gong husa
ein treskofabrikk. Inne står maskinar og utstyr intakt som om arbeidsfolket berre skulle ha teke middagspause.
bygt i 1908.
Sildoljefabrikk i Rutledal
Kring 1920 vart det bygt ein liten sardin- eller sildoljefabrikk i Rutledal, men fabrikken kom aldri i drift. Tomta vart selt av jekteskipper Olai Jakobsson Brosvik, som også dreiv gardsbruket i Rutledal til han gjekk konkurs og reiste derfrå i 1924.
bygd i 1922. Fabrikken la ned krabbe og hummar, og seinare brisling.
Skjerjehamn Slipp og Mek. Verksted
Motorfabrikken i Skjerjehamn vart starta i 1931 av
Johannes Steine. I nedgangstida som fylgde, måtte han selje slippen til Sigurd Rognsvåg og Herman Thoming. Slippen kunne hale båtar opptil 70 fot, og på den mekaniske verkstaden vart det ei tid bygt små båtmotorar på 3 hk. under merkenamnet "Fønix". Verksemda sysselsette seks personar.
Båtbyggjeri i Dingja
Konrad Dingen dreiv frå 1938 og fram til kring 1960 eit båtbyggjeri i Dingja. Her bygde han båtar på opptil 77 fot.
Eivindvik Snikkarverkstad
vart starta i 1947 av Ivar Mogstad og Halvor Vatne. Vatne trekte seg ut etter nokre år, og Mogstad dreiv verkstaden med produksjon av dører og vindauge til kring 1966.
Wevling og Opdal snikkarverkstad
vart starta i Eivindvik i 1949 av Erling Wevling og Martin Opdal. Dei produserte trapper, dører og vindauge. I 1958 løyste dei opp samarbeidet, og Martin Opdal starta eige firma der han m.a. laga trapper. Wevling produserte mykje husflidsprodukt som tiner, ambarar og brikker.
vart starta i 1954 av Lars J. Nygård.
Familien Wergeland har bygt opp største industriverksemda i kommunen. I 2002 sysselset konsernet 150 personar, derav 130 i Gulen kommune og elles på skipsverft i Solund, ferjedrift og hotell.
Gulaprent
vart starta i Eivindvik i 1999 Knut Laasbye. Firmaet driv framstilling av brosjyrer, grafisk formgjeving og diverse fotografisk arbeid.