Fiskeforedlingsanlegget Sognefisk AS på Byrknes vart starta i 1978, og var den største satsinga på fiskeforedling i Gulen kommune til då.
Dåverande ordførar
Ola E. Byrknes var pådrivar for å få bygt anlegget, som var eigd av Gulen kommune, Oslo Samvirkelag og Sogn og Fjordane Fiskesalslag. Fabrikken kosta 15 millionar kroner, produserte fiskemat og sysselsette kring 20 årsverk.
Oslo Samvirkelag sitt engasjement hadde mykje å gjere med at dåverande stortingsrepresentant frå Oslo, Halldis Havrøy (Ap), hadde privat tilknyting til Gulen, og dessutan var styremedlem i Oslo Samvirkelag.
Konkurs i 1981
I 1981 gjekk Sognefisk konkurs. Anlegget vart kjøpt av Manger Fiskemat som dreiv fiskematproduksjon der til 1990.
Sidan 1990 er det firma Martin E. Birknes Eft. - dvs. etterkomarane etter Martin E. Birknes som starta fabrikk i 1922:
Hermetikkfabrikken på Byrknes - som har nytta anlegget som laksepakkeri.
Sogneskjell AS
På slutten av 1990-talet var det også planen at det nyskipa selskapet Sogneskjell AS skulle nytte ein del av anlegget på Byrknes til pakking av blåskjel frå Sognefjorden.
Det vart kjøpt inn maskiner, men prosjektet fekk den dårlegaste starten ein kan tenkje seg: Under opningsfesten vart både fiskeriministeren og andre innbedne gjestar sjuke av giftige blåskjell, og produksjonen kom knapt nok i gang før ein måtte innstille.