Det var strilane - særleg folk frå Osterfjorden - som var føregangsmenn i notfiske etter laks. Sitjenotfisket skaut fart kring 1830.
I Gulen vart mange av dei gode lakserettane leigde bort til strilar på 1800- og 1900-talet.
Sitjenøter
På Sognefjord-sida - tidlegare Brekke kommune - var det lakseverpe/sitjenot i Ytre Oppedal, Apestoda ved Skrikeberget, Brekke, Indre Takle og Ytre Hjartholm.
Oskar Hagen frå Balestrand var ein mann som årvisst mellom 1948 og 1972 fiska med lakseverpe i Ytre Oppedal. Strilane sat i Skrikeberget.
Kilenøter og fiskarlag
I 1957 hadde Gulen 42 kilenøter - dvs. vel tiandeparten av alle kilenøter i Sogn. Sjølaksefiskarar frå Vik til Brekke skipa i 1946 Sogn Laksefiskarlag, som m.a. tok seg av prisforhandlingar med den store laksekjøparen i Bergen, Gjertsen & Co. Lastebåten "Grindheimsfjord" frå Eivindvik var ein kjend oppkjøpsbåt på Sognefjorden mellom 1973 og 1983.
Drivgarn
Også i Gulen var det mange som satsa på drivgarnsfiske etter laks utanfor kysten på 1970- og 1980-talet. Drivgarnfisket vart totalforbode i 1988 som ein lekk i vern av dei norske villaksstammane.