|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Gulen: Ludvik Furnes | Opphaveleg var denne landhandelen saltebua til Ludvik Furnes. Men Ingvald Austgulen kjøpte bua og innreidde landhandel. Biletet er teke er 1936. Ved kai ligg Fylkesbaatane sin D/S "Lindaas". (Foto © Fylkesarkivet) |
Ludvik Larsson Furnes (1883-1966) frå Furnes ved Brandangersundet. Fiskar og pionér innan rekefisket. Publisert 30.10.2002 09:19. Oppdatert 15.11.2002 09:06.Han skaffa seg i 1909 den første motorbåten "Ampløy" og starta tråling etter reke. I 1912 var han den første som starta rekefiske nord om Stad. Drog heilt til russegrensa for å drive rekefiske.
Sjølv eigde han gjennom åra 16 båtar. Andre i bygda tok etter Ludvik, og Furnes vart eit senter for rekefiske på Vestlandet.
I tillegg sette han opp saltebuder for sild i Furnes, og var med på å starte to hermetikkfabrikkar, den eine i 1934 i Nord-Trøndelag, og den andre i 1936 i Vadsø.
Ludvik var tidleg ute med telefon, som han installerte på Furnes i 1916. Her bygde han også sagbruk for produksjon av fiskekasser, og bygde også fiskebåtar der under 2. verdskrig.
Då Ludvik Furnes gav seg med fisket, starta han ein fabrikk for rensing og pakking av reker i ei av sjøbuene på Furnes.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|