Brekkestranda Fjordpensjonat vart starta i 1970 av
Ingeborg I. Brekke. Pensjonatet var teikna av Bergens-arkitekten Bjørn Simonnæs, og vekte oppsikt med sin uvanlege arkitektur: Knapt eit hjørne i romma var i rett vinkel, heller ikkje taket.
Materiala som var brukte, var også uvanlege på større bygg den gongen: Utvendes vart det nytta grove hunbord som kledning, torvtak, naturstein, og avbarka rundtømmer som søyler.
Brekkestranda Fjordpensjonat vekte oppsikt både i rikspressa og mellom arkitektar langt ut over landegrensene.
Særmerkt vertinne
Då Ingeborg Brekke planla og bygde hotellet, var ho ei kvinne i 60-årsalderen. Ho var ei særmerkt hotellvertinne som fekk god kontakt med gjestane.
Sonen Bjørn Brekke kom med i drifta i 1976 og tok over som eigar i 1996.
Fleire utvidingar
|
Brekkestrand Fjord Hotel har lokale til kurs og konferansar. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
Hotellanlegget har seinare vorte utvida fleire gonger. Det er bygt båthamn ved hotellet, som har endra namn til Brekkestranda Fjord Hotell. I 2002 hadde hotellet 29 rom med 51 senger, og sysselset sju-åtte årsverk.
I 2006 la hotellet fram planar om å byggje 80 feriebustader like ved hotellet.