SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gulen:

Kraftforsyninga i Gulen

Kraftselskapet i Gulen har fleire gonger kjempa mot storm og uvêr. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Kraftselskapet i Gulen har fleire gonger kjempa mot storm og uvêr. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Samanlikna med andre kommunar i Sogn og Fjordane, kom Gulen seint i gang med kraftutbygginga. Svært mange grender i Gulen fekk ikkje elektrisitet før lenge etter 2. verdskrig. Den første store kraftstasjonen for ålmen forsyning kom i drift i 1943, og først i 1962 hadde alle bebudde øyar fått lagt inn straum.

Publisert 31.10.2002 14:11. Oppdatert 13.11.2002 14:55.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Hestevandring

Drivkrafta til kverner, sagbruk og større maskinar vart som oftast henta frå vassfall. Men dei som ikkje budde slik til at dei hadde hadde vassfall i nærleiken, måtte ordne seg på andre måtar. Såleis måtte Konrad Olsson Kjellevoll på Dalsøyra ta i bruk ei såkalla "hestevandring" då han i mellomkrigstida starta ein liten snekkarverkstad. Hesten dreiv drivverket for maskinane i verkstaden heilt til Konrad fekk innlagt elektrisitet i 1946.

Vindmøller

Andre tok i bruk små kraftverk med vindmølledrift. Såleis bygde kjøpmann Johannes Steine i 1927 eit lite kraftverk i Skjerjehamn som vekselvis vart drive av vindmølle og oljemotor alt etter som veret var.
Torkjel Sellevåg ved Brandangersundet bygde også vindmøllekraftverk i 1936, og Søren Lie på Lid fekk også elektrisk straum frå ei vindmølle frå 1940. Elles er lensmann A. Bredvik i Eivindvik registrert med eit motordrive kraftaggregat i tida 1933-1945, og ei liknande ordning hadde distriktslege Sigurd Trædal.

Kraftverk i Dingja

Det første fossekjøpet i Gulen skjedde i 1899, då bergensaren Jon Kahrs kjøpte vassfallet i Sellevåg og starta Bergen Træskofabrikk (Treskofabrikken i Sellevåg). Drivkrafta vart dei første åra eit vanleg vasshjul - utan elektrisk generator. Kahrs kjøpte også fallrettane i Dingjeelva, men selde dei i 1912 til Johannes Steine, som i 1917 bygd eit lite kraftverk for drift av maskinane i Dingen Tønde- og Trævarefabrik.

Felles kraftstasjon på Takle

Då det vart aktuelt å satse på eit større kraftverk til ålmenn forsyning, viste det seg tidleg at dei to kommunane Brekke og Gulen (sjå: Brekke frå og til) måtte samarbeide. I Gulen var det nemleg berre fallet frå Dingjavatnet som kunne gje litt kraft. Men Dingen låg avsides og ville krevje kostbare forsyningsliner til dei mest folkerike bygdene. Difor satsa ein på utbygging på indre Takle, med Taklevatnet og seinare også Kløvtveitvatnet som magasin. Her hadde ein fosskjøpar, ingeniør Hertzberg, vore på ferde i 1910. Han vurderte vassfallet, men kjøpte ikkje - truleg fordi kraftmengda ikkje stod i forhold til kostnaden med kraftstasjon og vanskar med lange forsyningsliner.

Skipa felles lag

I 1939 skipa dei to kommunane kvart sitt kraftlag: L/L Brekke Kraftlag og L/L Gulen Kraftlag. Saman skipa desse laga eitt felles lag i 1941 - L/L Brekke og Gulen kraftstasjonar - som i 1942 starta bygging av linenettet. I 1943 kom kraftstasjonen på Takle i drift, og folk i Brekke kunne tenne lyspærene for første gong. Midtsommars året etter kopla Oppdalsøyra og Eivindvik seg på nettet.

Forsyning frå BKK

Men den vesle kraftstasjonen på Takle vart for liten til å forsyne heile kommunen. På 1950-talet fekk difor Gulen ein forsyningsavtale med BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) frå Matre-anlegga. Gulen Kraftlag la kablar til øyane, og det meste av forsyningsområdet vart kopla til nettet fram til 1958. Dei siste som fekk innlagt straum var folket på dei nordlege øyane Hille og Kvernøy i 1962.
Den gamle kraftstasjonen på Takle var i drift til 1993. I 2000 bygde BKK ny kraftstasjon med dobbel effekt.

Frå Gulakraft til BKK

I 1965 vart forsyningsselskapet AS Gulakraft skipa med 70 prosent av aksjane på Gulen og 30 prosent på Høyanger kommune. Samstundes vart laget som eigde stasjonen på Takle avvikla. Gulakraft forsynte Gulen og sørsida av Høyanger kommune.
Gulakraft kjøpte ein liten aksjepost i BKK i 1975, og dei fallrettane til Kløvtveitvatnet som ikkje var bygde ut, vart selde til BKK i 1991. Her vert det i 2002 planlagt kraftstasjon.

Gulakraft vart kjøpt opp av BKK i 1996.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no