|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gulen: Gjest Baardsen berga liv på ByrknesI mars 1822 sat den vidgjetne meistertjuven Gjest Baardsen arrestert i kasjotten til lensmann Nils Karlsson Lindseth på Byrknes. Saman med Gjest sat ein annan fange som heitte Svend Olsen Brekkene. Publisert 05.11.2002 09:52. Oppdatert 18.11.2002 14:46.Ein dag, medan dei sat arrestert på Byrknes, hende ei ulukke på fjorden: Ein flokk kvinner, born og eldre menn var ute på øya Røytinga og henta torv til brennefang. På veg heim til Byrknes slo kulingen til, og båtane med alt folket ombord heldt på å forlise.
Lensmannskona skjøna alvoret og slepte dei to fangane fri slik at dei kunne hjelpe til med berginga. Etter at alle var vel i hamn, vart dei to tjuvane låste inn att i arresten.
| Gjest og Svend rømde. (Foto: NRK) |
Rømde seinareMen like etter såg Gjest Baardsen og Svend Brekkene sitt snitt til å røme frå Byrknes. Lensmann Lindseth fekk bot for elendig vakthald, og fordi han hadde reist bort kvelden før røminga utan å forsikre seg om at nytt vaktmannskap passa på fangane. Dei andre som hadde kome for seint til vakta, fekk nokre dagars fengsel på vatn og brød.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|