Difor tok dei med vogga i robåten. Når det vart mykje fisk, sette dei vogga i land opp under ein hammar på Steinsøy slik at dei fekk meir plass i båten. Under fiske svinga dei ofte opp under hammaren for å høyre om barnet gret. Når fisken slutta å bite, tok dei vogga med seg og drog heim.
Segna seier at grensa kring gardane i Opdal lengst sør i Gulen vart avgjorde ved eit slagsmål.
Kraftkar i Eivindvik
Ivar Anderson Henriksbø (1784-1860) var kjend som ein kraftkar som det gjekk gjetord om. Ein gong han var på veg opp bygdevegen ved Haugen med eit lass, vart han stoppa av prost
Niels Griis Alstrup Dahl:
- Du har lesst for tungt på. Hesten maktar ikkje slikt! sa presten. Då spente Ivar hesten ifrå og drog sjølv lasset opp bakken.
Alvestova i Austgulen
Ved stølen til garden Hauge i Austgulen går det ei hole inn i fjellet. Av og til dett det ut små glimmersteinar av fjellet i hola. Segna vil ha det til at det budde ei hulder her. Difor heiter hola Alvestova eller Allstova.
Svensken i Risehola
Ved garden Rise i nordre Gulen finst ein gamal husmannsplass som heiter Riseskora eller Risehola. Her budde det ein gong ein svensk soldat. Han var gift med ei kvinne frå Fresvik, og kom til Risehola i 1817. Mannen hadde tent som soldat i krigane mot Russland. Då han i 1826 braut opp frå den vesle jordflekken som han hadde rudt, fekk han prost
Niels Griis Alstrup Dahl til å gje seg skriftleg attest på at både han og familien var fri for koppesmitte, og at han sjølv hadde arr både på hals og bryst frå slagmarka. Kvar svensken drog, veit ein ikkje.
Den synske på Børholmen
- sjå
Erika Larsdotter Bogen f. 1828. Ho gav seg ut for å vere synsk, tankelesar. Ho hevda også at ho kunne tale med englar og gjere under.