Bjørnesoger
Også bjørn var det rikeleg av i utmarka i gamle dagar:
Johan Olson Assem (1742-1805) frå Asheim var ein flink bjørneskyttar. Frå 1775 til 1778 fekk han utbetalt skotpremie for å ha felt tre bjørnar i utmarka. Også Hans Pedersen Ytre heva skotpremie på bjørn i 1743, og det same gjorde Peder Aslaksen Indre Oppedal i 1775.
Kappgang med bjørnen
|
(Illustrasjon: NRK) |
I 1850 kom Øystein Kjellby frå Austgulen ut for ei uhyggjeleg oppleving med bjørn i Byrkjelandsdalen. Han oppdaga bjørnen på andre sida av elva, og udyret gjekk nærmast jamsides med Øystein heilt til han kom seg i hus på Trandalsstøylen. Øystein fortalde etterpå at han "kjende ikkje kleda på kroppen" så lenge det stod på, så redd var han!
Ei segn fortel om ei svanger kvinne frå Brekke som midt på 1800-talet miste livet etter åtak av bjørn.
På garden Kjellby finst det tre dramatiske soger og kvinner og bjørn: Ei kvinne stal middagsmaten til ein bjørn, ei anna kvinne sprang frå ein bjørn, og ein mann drap bjørn med ljå.