SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gulen:

Helsestellet i Gulen

Pestplager og koppevaksine

Epidemiar kunne i gamle dagar nærmast leggje heile gardstun øyde. Noko slikt hende i 1742 på garden Kjellby ved Oppdalsøyra. Då døydde i alt 11 menneske av ein pest, og vart gravlagde same dagen.

Publisert 06.11.2002 10:05. Oppdatert 22.11.2002 21:46.
Folk var redde for smitte. Det hende difor at folk som døydde av pest, vart gravlagde utanfor dei vanlege gravplassane. Såleis vart far og son gravlagde i utmarka på Bremnes då dei døydde av kolera i 1849. Også på den vesle øya Vatnøy vart det gravlagde fire menneske i "uvigsla" jord etter same pesten. Men tre år seinare vart denne "gudlause" handlinga retta på ved at presten vigsla plassen som gravplass.

Kring 1800 herja harde koppeepidemiar m.a. i Solund. Presten Niels Griis Alstrup Dahl starta store vaksinasjonsprogram i prestegjeldet sitt, som den gongen også omfatta søre delen av Solund kommune.
Også lepra eller spedalskhet herja som ein farsott på Vestlandet på 1800-talet - særleg i kyststroka. I Solund var det t. d. registrert 40 spillsjuke på ein gong.

Lysestaken vart medisin

I 1870 datt bonden Klaus Hansson Lund utfor Geitekleiva og braut lårbeinet. Han søkte hjelp hos distriktslegen. Legen rådde Klaus til å ta ein messinglysestake, skave av den spon - og ete metallsponet!
Dette dreiv Klaus på med i eitt års tid før han døydde. Då hadde liket ei messingrand rundt låret, fortel segna!
- Om noko av dette er sant, er det mest truleg at det har vore ein "bygdedokter" på ferde, og ikkje ein universitetsutdanna lege, med slike legeråder!

Legetenesta

Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1801 - dvs. ein for Fjordane og ein for Sogn.
Utover 1800-talet vart legetenesta delt opp i gradvis mindre og mindre distriktsdistrikt: Frå 1877 hadde noverande Gulen felles distriktslege med Lavik, Solund og deler av Hyllestad. I 1893 vart Gulen og Solund utskilt som eige legedistrikt med kontor i Eivindvik. Då hadde Gulen hatt "tilbodet" om eigen lege heilt frå 1882, men kommunen vegra seg mot å koste eigen legebustad i Eivindvik.

Legar med moderne framkomstmiddel

Gulen er ein svært oppdelt kommune med mange øyar, fjordarmar og fjellovergangar. For distriktslegar med hastverk var dette brysamt. Difor har fleire distriktslegar i Gulen vorte nærmast pionerar på å ta i bruk moderne framkomstmiddel.

Heim for sinnslidande

I 1938 starta Ragnhild og Jørgen Midttun ein sjukeheim for sinnslidande på garden sin i Eivindvik. Dette gjorde dei etter oppmoding frå distriktslegen i Gulen på den tida, Sigurd Trædal. Heimen hadde plass til 12-13 pasientar, og var i drift fram til 1959.

Aldersheim

Gulen kommune i Gulen Sanitetslag bygde aldersheim i Eivindvik i 1960. Her var det plass til 31 klientar. Den fekk tilbygg i 1975 og fekk namnet Gulen sjuke- og aldersheim. Det var Gulen Sanitetslag som stod som byggherre og eigar av heimen, men då nybygget stod ferdig, overtok kommunen.
Elles har kommunen bygt eldretun i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og i Eivindvik.

Gulen Helsesenter

I Eivindvik er distriktslege, helsesystre og andre omsorgstenester samla i Gulen Helsesenter.

Tannklinikk

Gulen fekk tannklinikk i Eivindvik i 1947. Det var distriktslege Hallvard Natvik som gjorde opptaket til at kommunen fekk eiga tannhelsteneste. Den første tannlegen fram til 1951 var Reidar Tveit, som seinare vart fylkestannlege og kjend ordførar i Førde.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no