SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia om Sogn og Fjordane fylkeskommune:

Milestolpar før 1900


Publisert 16.12.2002 14:13. Oppdatert 18.08.2003 09:56.
Hovudside:
· Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Milestolpar i fylkeskommunen før år 1900:


1763

Nordre Bergenhus Amt vert skipa etter opptak frå Joachim de Knagenhjelm. Han tek bustad på Kaupanger.

1771

Amtmannen buset seg i Bergen, og fylket vert styrt derfrå til 1840.

1838 - Første fylkestinget på Tross

Formannskapslova og det lokale folkestyret vert innført i 1837. 22 ordførar møtest til det første fylkestinget på Tross i Fjaler 30. juli 1838.

1840 - Amtmannen på Lærdalsøyri

Amtmannen flytter til Lærdalsøyri og vert (med eit kort unntak) buande der til 1864.

1846

Fylket startar sin første skule - ein landbruksskule med ni elevar på garden Vestrheim på Kaupangerskogen. Skulen vert lagt ned etter få år.

1856

Fylket kjøper storgarden Mo i Førde og startar landbruksskule: Mo Jordbruksskule.

1858 - Skiping av Fylkesbaatane

Fylkesbaatane - skipinga av Nordre Bergenhus Amtbaater i 1858 er i historisk perspektiv framleis det viktigaste vedtaket som er gjort av fylkestinget i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane vart styrde frå Bergen heilt fram til 1986, då administrasjonen vart flytta til Florø.

1864 - Fylkesmannsgarden på Nybø

Amtmannen flyttar til ny embetsgard på Nybø i Leikanger, og sidan har fylkesadministrasjonen halde til der.

1864

Fylkestinget set for første gong opp ei prioritetsliste for bygging av vegar i fylket. Veg frå Jølster til dampskipskaia i Førde får første prioritet - sjå: Veg mellom Jølster og Førde.

1866-1871

Sparepolitikken til dei såkalla "bondevenene" når klimaks i fylkestinget med framlegg om privatisering av Fylkesbaatane og nedlegging av Mo landbrukskule. Fylkesbaatane vert lyste ut for sal, men ingen melder seg. Mo vert pakta vekk til 1884, då fylket tek over att.

1874

Fylket tilset sin første amtsingeniør, lokalisert på Hermansverk. Ingeniøren får ansvaret for vegstellet. Sterk satsing på bygging av vegar frå innlandbygder i Stryn, Jølster, Gaular og Jostedalen.

1876 - Amtsskulen på Apalset

Fylket startar den første amtsskulen (seinare kalla fylkesskule) på Apalset i Gloppen.

1877

Den første fylkeskommunale husmorskulen vert starta i Holmedal med 22 elevar. Sjå: Skular i Askvoll.

1882

Fylket får eige "amtsutval" - eit slags fylkesutval - med amtmannen og fire folkevalde som medlemer. Det får lite å seie før hundreårsskiftet.

1890

Fylkestinget avviser eit riksframlegg om direkte val av fylkesting og langt større folkevald mynde enn tidlegare: Dei meinte ordninga med sterk makt til fylkesmannen var den beste ordninga for Sogn og Fjordane.

1890 - Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Jernbanesaka kjem for første gong fram for fylkestinget. Fylkestinget støttar ein Sogneaksjon for å få Bergensbanen i ei "låglandsline" gjennom Lærdal og Aurland, men når ikkje fram. Stortinget vedtek "Finse-lina" over høgfjellet i 1894.

1891

Sogn og Fjordane får sin første fylkeslege - J. L. Møinichen.

1895

Christopher Engebreth Borch vert første vegsjef i Sogn og Fjordane. (Han vart tilsett som amtsingeniør i 1885) Vegkontoret hadde i 1896 fem tilsette.

1898

Ordninga med futar og futedøme vert vedteke avvikla i 1894, men vert ikkje gjennomført i fylket før i 1898. Futane hadde møte- og talerett i fylkestinget.

1898 - Jordbruksskulen på Rikheim

Fylket leiger storgarden Rikheim i Lærdal og driv jordbruksskule der til 1907.

Neste side:
· Milestolpar 1900-1950
Hovudside:
· Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no