SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kyrkjer i Luster

Urnes stavkyrkje er med på UNESCO si liste over dei fremste kulturskattane i verda. (Foto: Ole Fretheim, NRK)
Urnes stavkyrkje er med på UNESCO si liste over dei fremste kulturskattane i verda. (Foto: Ole Fretheim, NRK)

Luster har kyrkjerekorden

I Luster kommune finst det i alt 11 kyrkjer. Av desse er to kyrkjer frå mellomalderen og tre frå 1600-talet. Ingen kommunar i Sogn og Fjordane har så mange kyrkjer som Luster.

Publisert 20.11.2002 11:00. Oppdatert 18.11.2003 08:52.
Samstundes er fleire av kyrkjene rekna som nasjonale kulturskattar. Dette gjeld særleg Urnes stavkyrkje. Men også den gamle kyrkja i Gaupne med vakre bygningsdelar frå ei eldre stavkyrkje, og steinkyrkja frå 1200-talet på Dale i Luster er mellom dei mest interessante kyrkjene på Vestlandet.

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje er bygt kring 1130. Stavkyrkja ligg vakkert plassert oppe under fjellfoten på Ornes - ein gong tilhaldsstad for mektige stormenn.

Gaupne gamle kyrkje

Bygt i 1647. Men den rikt utskorne inngangsportalen skriv seg frå ei stavkyrkje frå 1100-talet. Portalen vert rekna som eit av dei mest verdfulle norske treskurdarbeida frå dette hundreåret.

Gaupne nye kyrkje

Bygt 1907. Arkitekt H. J. Sparre. Byggmeister Anders O. Korsvold.

Nes kyrkje

Nes kyrkje bygt 1836. Arkitekt H. D. F. Lindstow. Byggmeister lensmann Bugge.

Dale kyrkje i Luster

Dale kyrkje er bygt i 1240, og har eitt av dei best bevarte kyrkjeinteriøra i heile landet frå mellomalder og barokk.

Fortun kyrkje

Bygt 1879. Arkitekt E. Rusten, byggmeister er ukjent. I Bergen Museum er Fortun-skrinet, det eldste bevarte relikvieskrinet i Noreg.

Fortun stavkyrkje til Fantoft

Fram til nyekyrkja vart bygt i 1883 sto det ein gamal stavkyrkje i Fortun, bygt 1160-1180. Konsul F. G. Gade nytta mange av dei gamle bygningsdelane då han sette opp ein kopi av ei stavkyrkje på Fantoft ved Bergen.

Jostedal kyrkje

Bygt 1660. Byggmeister Hans Ottesen Rafn.

Solvorn kyrkje

bygt 1883. Arkitekt Waldemar Hansteen. Byggmeister Dr. Wulfsberg.

Hafslo kyrkje

Bygt 1878. Arkitekt J. Faye. Byggmeister Carl Askeland.

Fet kyrkje

Fet kyrkje på Indre Hafslo bygt 1894. Ukjend arkitekt. Byggmeister John Alver.

Joranger kyrkje

Bygt kring 1620. I 1755 truga presten i Luster med å jage både bønder og husmenn frå gard og grunn dersom dei ikkje søkte kyrkja i Gaupne i staden for Joranger.

Veitastrond kapell

bygt 1928 som ein del av skulebygget - sjå: Internatskular og streik kring Veitastrondsvatnet. Arkitekt og byggmeister er ukjende. All utsmykking og inventar er frå byggjeåret og seinare - med unntak av kyrkjeklokka frå 1890 som vart flytta frå den gamle gravplassen i bygda og til kapellet.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no