Utdanna agronom 1900. Gardsfullmektig på Kaupanger hovedgård 1900–1902. Veterinæreksamen frå Den Kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i København 1907. Veterinær i Trondheim 1907–1916. Distriktsveterinær i Strinda 1916-1921. Statskonsulent i vestlandske distrikt 1923–1943.
Nordang gjorde eit banebrytande arbeid innan fjordhestavlen på Vestlandet - sjå:
Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane. Han engasjerte seg elles som veterinær i helserøkta i pelsdyrnæringa som vaks fram på 1920-talet.
Frå 1925 til 1928 studerte Nordang sjukdomar på pelsdyr ved studiereiser til Canada, Tyskland, Danmark og Sverige, og i 1930 gav han ut ei banebrytande lærebok om pelsdyrsjukdomar.
Han gjorde også reiser til Russland som sakkunnig i pelsdyravl.
Han var formann i Vestenfjeldske Veterinærforening 1929-1935, og vart æresmedlem både der og i Norsk Veterinærforening.
Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1936.