Heilt frå innføringa av formannskapslovene i 1837 og til innføring av direkte val til fylkesting hausten 1975, var fylkestinget samansett av representantar valde av kommunane. Som oftast var det ordføraren som vart valt frå kommunen.
Fylkestinget valde ein "oppmann" - ein slags talsmann for dei folkevalde andsynes amtmannen og futane som møtte på tinget. Men først i 1923 overtok denne oppmannen møteleiinga frå amtmannen. Ordninga med fylkesordførar som vart innført i 1963, gav den folkevalde leiaren langt større makt enn tidlegare.
Frå 1882 valde fylkestinget eit "amtutval" med fire folkevalde, pluss amtmannen. Dette var forløparen til fylkesutvalet, men hadde i praksis lite å seie før langt inn på 1900-talet. Amtet skifta namn til fylke i 1919, og amtmannen vart "fylkesmann".
Motstand mot direkte val
Eit særtrekk ved Sogn og Fjordane fylke i nasjonal samanheng, er at dei folkevalde ved fleire høve har avvist framlegg om direkte val av fylkesting. Første gong dette vart avvist, var i 1890. Det same tok seg opp att i 1955. Då direkteval til fylkesting vart endeleg innført frå 1975, gjekk også fleirtalet av fylkestinget i Sogn og Fjordane imot ordninga.
Det første direkte valet til fylkesting var hausten 1975. Her stilte alle større politiske parti liste. I tillegg vart det stilt ei liste som vart rekna som ei protestliste frå lokalsjukehustilhengarane (sjå
Julius Fure) etter den harde sjukehusstriden som enda med regjeringsvedtak om sentralsjukehus.
Valordninga sikrar alle kommunane i fylket representasjon i fylkestinget gjennom ei ordning med utjamningsmandat.
Første fylkesordførar etter ordninga med direkte val vart
Ola M. Hestenes frå Senterpartiet. Han vart også den første heiltids fylkespolitikaren i Sogn og Fjordane, med fast kontorstad i Leikanger.
Skilje mellom stat og fylkeskommune
Samstundes med valreformen i 1975, vart dei statlege og fylkeskommunale funksjonane delte: Fylkesmannen vart heretter berre Staten sin representant i fylket, medan fylkeskommunen sin administrasjon skulle leiast av ein fylkesrådmann.
Første fylkesrådmann i Sogn og Fjordane,
Odd Søfteland, vart tilsett i 1976.
Under seg hadde fylkesrådmannen den første tida administrasjonsleiar/kontorsjef, ei stilling som seinare vart omgjort til assisterande fylkesrådmann/personalsjef. Denne assisterande-ordninga vart oppheva etter ei omorganisering i 1995.
Eigne fagsjefar hadde ansvaret for dei einskilde fagfelta økonomi, plan- og utbygging, skule, helse/sjukehus, samferdsle og kultur. Nokre av desse leiarstillingane vart i 1995 omgjort til direktørstillingar.
Den einaste større funksjonen som Staten og fylket hadde felles etter delinga i 1975, var vegkontoret og vegsjefen, som framleis hadde tilrådingsrett og driftsansvaret for både riks- og fylkesvegar.