SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Leikanger:

Fylkesmannsgarden på Nybø

Garden Nybø er skilt ut frå Henjum-gardane, og fekk gardsnamnet i 1819. På 1700-talet budde folk frå den styrtrike Leganger-slekta på garden.

Publisert 06.12.2002 15:43. Oppdatert 04.02.2003 10:53.
Det var denne slekta som m.a. fekk kontroll over dei store eigedomane i Fresvik som, vart kalla .

Nybø som enkjesete

I 1751 flytta enkja etter presten , Mette Dorthea Bugge Leganger (1690-1766), til Nybø. Ho eigde då Fresvik-godset som ho hadde arva etter mannen sin i 1750. Etter henne arva dottera Dorothea Maria Leganger garden Nybø, men ho selde den i 1782 til systera Mette Dorothea, som sat som enkje etter sokneprest Schweder i Hafslo.

Selt på auksjon

I 1795 vart Nybø selt på auksjon til soknepresten i Leikanger, Anders Ludvigson Daae (prest i Leikanger 1758-1816). Nybø-garden var såleis det ein kallar "enkjesete" for presteenkjer i Sogn i over 40 år.

Soreskrivaren overtek

Prost Anders Ludvigson Daae overlet Nybø-eigedomen til av ei døtrene sine, Drude Cathrine Daae (1795-1850). Då ho døydde, kjøpte den nyutnemnde sorenskrivaren i Ytre Sogn, Georg Martin Hiorth, eigedomen, og la seinare til nokre jordteigar elles i bygda.

Amtmannen fattar interesse

Men han vart ikkje eigar i meir enn tre år, for i 1863 selde Hiorth Nybø-garden til Opplysningsvesenets Fond.
Eigedomshandlane på Systrond hadde tydelegvis kome dåverande amtmann for øyra. Han vart utnemnt i 1861 og budde på Lærdalsøyri, men ynskte seg til Systrond, der Nybø-garden var ledig.
I 1863 vart difor garden Nybø lagt ut som embetsgard både for sorenskrivaren i Ytre Sogn og som embetsgard for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt - det som frå 1919 vart namneendra til Sogn og Fjordane fylke.

Nybygg i sveitsarstil

På Nybø vart det på 1860-talet bygt embetsbustad for fylkesmannen. Dette huset vart mykje utvida og modernisert i sveitsarstil då var fylkesmann på 1890-talet. Heilt fram til kommunen bygde utleigebygget "Tinghus I" like vestanfor i 1939, heldt fylkesmannens kontor til i eit lite anneks på fylkesmannsgarden. Der var det plass til fylkesmannen sitt eige kontor og eit sidekontor som romma inntil fire medarbeidarar. I forgangen var det plass til "fylkesarkivet".

I 1972 vart det bygt ny embetsbustad for fylkesmannen ved stranda austafor den gamle garden. Den første som tok dette i bruk var fylkesmannn . Den fråflytta fylkesmannsbustaden på Nybø-garden er i dag (2002) nytta som barnehage.

Sjå også:
· Sorenskrivargarden på Halland


MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no