SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Skuleutbygginga i Sogn og Fjordane

Arbeid med sleperive på Mindresunde jordbruksskule i 1945. Skulen vart starta i 1920. (Foto © Fylkesarkivet)
Arbeid med sleperive på Mindresunde jordbruksskule i 1945. Skulen vart starta i 1920. (Foto © Fylkesarkivet)
Heilt frå 1840-talet har bygging og drift av skular vore ei av dei viktigaste oppgåvene for fylkeskommunen. Men all skuleutbygging som fylket har hatt ansvaret for, har vorte utløyst av statlege initiativ og vedtak om økonomisk støtte til dei ulike skuleslaga.

Publisert 10.12.2002 15:18. Oppdatert 19.12.2002 12:15.

Amtsskular og jordbruksskular prioriterte

Det første skuleslaget som Sogn og Fjordane fylke satsa på, var jordbruksskular, drivne med statsstøtte. Dei første åra frå 1846 leigde fylket garden Vestrheim på Kaupangerskogen til landsbruksskule. I 1856 kjøpte fylket storgarden Mo i Førde til føremålet - Mo Jordbruksskule. Storgarden Rikheim i Lærdal vart leigd til landbruksskule frå 1898 til 1907 - sjå: Jordbruksskulen på Rikheim. I 1917 starta hagebruksskulen i Aurland (sjå: Skular i Aurland), og 1920 fekk så Nordfjord sin eigen landbruksskule i Stryn - sjå: Mindresunde og Langvin jordbruksskular.

Ved ei ny skulelov i 1860 fekk fylket ei eiga "fylkesskulekasse". Frå denne vart det ytt støtte til lærarutdaning, løner og skuledrift i kommunane. Men fylket hadde liten praktisk innverknad på drift og organisering av barneskulen.

Lærarskulen i Balestrand

Den statlege lærarskulen som var i drift i Balestrand frå 1863 til 1881, var eit svært viktig tiltak i arbeidet med å skaffe kvalifiserte lærarar til skulane i fylket. 236 lærarar vart utdanna ved denne skulen.

Amtsskulane

I 1875 starta fylket dei såkalla "amtsskulane" - seinare kalla "fylkesskular". Dette var eit skuletilbod for ungdom som var ferdige med folkeskulen, og undervisninga var i såkalla "ålmenfag". Også desse amtsskulane kom i gang fordi det kom ordningar med statsstøtte til drifta. Den første amtsskulen i Fjordane kom i gang på Apalset i Gloppen i 1876, medan Sogndals Folkehøgskule, skipa 1871, skulle tene som amtsskule for Sogn. I 1877 kom det også i gang ein amtsskule i Florø, og frå 1900 var denne skulen lokalisert til Nordfjordeid.

· Amtsskulen i Florø
· Amtsskulen i Førde
· Amtsskulen på Apalset
· Sogndals Folkehøgskule

Elevar ved husmorskulen i Stryn då den heldt til i Hotell Central.

Første husmorskulen

I 1864 hadde skuledirektør Lous - støtta av framståande embetsmenn og politikarar - teke opp tanken om å skipe ein "jenteskule" i fylket. Etter samarbeid med Søndre Bergenhus Amt, vart det lyst ut ei tevling der folk kunne bidra med idear til fag og innhald i ein slik skule.
Men lite konkret hende før Stortinget i 1875 ytte statsstøtte til amtsskular. I 1877 vart den første "amtsskulen" for jenter starta i Holmedal - sjå: Skular i Askvoll. I praksis var dette ein "husmorskule" som først og fremst gav jentene opplæring i husstell, matlaging og barnestell. Denne husmorskulen vart seinare flytta til Svanøy, deretter til Kroken i Luster, før den i 1957 hamna i Hafslo. Husmorskulen i Stryn vart starta i 1914, og i 1947 Sogn og Fjordane Husstellskule i Førde.

Fiskarfagskulen i Florø

I 1921 bygde fylket fiskarfagskule i Florø.

Men utanom desse yrkesskulane for jordbruk, fiske og husstell, må ein til slutten av 1940-talet for å finne eit større fylkeskommunalt engasjement i bygging og drift av andre typar yrkesskular. Fram til då var det private
skular som t. d. sytte for undervisning i elektrofag, jern og metall, handelsfag osb.

Gamlebygget ved Firda gymnas - no Firda vidg. skule. (Foto: NRK)

Dei første gymnasa

Heller ikkje den første skipinga av gymnas i fylket hadde utspringet sitt i eit initiativ frå fylkesting eller fylkesadministrasjon.
Opptaket til det første gymnaset i 1921 - Firda Gymnas på Sandane - kom frå lokale ungdomslag og mållag i Nordfjord og Sunnfjord. Det to-årige Eids Gymnas som vart starta på Nordfjordeid året etter, var starta og drive av kommunen - sjå: Skular i Eid.
Under andre verdskrig førde reiserestriksjonar og andre problem til at det vart starta ein mengd gymnasklassar kring om i fylket: Slike "krigsgymnas" fanst i Aurland, Balestrand, Sogndal, Høyanger, Fjaler og Florø.
Sogndal gymnas og realskule vart lenge drive som interkommunal skule før fylket tok over gymnasdrifta kring 1960. Det første gymnaset i Sunnfjord som vart bygt i fylkeskommunal regi, kom Florø i 1967: Flora gymnas.

"Alle" fekk vidaregåande skule

I 1972 vedtok fylkestinget ein desentralisert utbyggingsplan for vidaregåande skular som i praksis gav nærpå alle kommunane i fylket eit vidaregåande skuletilbod. Fylket vart delt inn i 12 regionar med eitt stort senter i kvar, og med filialklassar kringom. I det vidaregåande skuleverket gjekk både dei gamle gymnasa og yrkesskulane inn. Seinare har det sterkt desentraliserte skulemønsteret vorte krympa, og mange skuletilbod nedlagde av økonomiske grunnar.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no