SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Fylket som skipsreiar og vegbyggjar

Gaularfjellsvegen sto ferdig 100 år etter at kravet om den vart fremja i fylkestinget. (Foto: D.H.K. Andersen, NRK)
Gaularfjellsvegen sto ferdig 100 år etter at kravet om den vart fremja i fylkestinget. (Foto: D.H.K. Andersen, NRK)
I eit landskap som er oppdelt av fjordar og fjell, var det naturleg at fylkestinget frå første dag engasjerte seg sterkt i samferdsle og vegbygging.

Publisert 13.12.2002 15:48. Oppdatert 07.04.2003 14:20.
Då det første fylkestinget kom saman på Tross ved Dalsfjorden i 1838, fanst det knapt køyrande vegar i heile fylket. Sjølv ikkje den viktigaste vegen av alle - Filefjell - hovedvegen aust-vest - var stort meir enn ein rideveg før den var utbetra i 1846. Det same var tilfellet med Den Trondhjemske Postvei som gjekk sør/nord gjennom Gulen - Fjaler - Førde - Jølster - Breim - Utvik og Hornindal. Noko betre var vegen Vadheim - Sande, ferdig i 1837, og ein nyare postveg som vart opna frå Naustdal i Eid til Sunnmørs-sida i 1826.

100 år frå krav til røyndom

Det første større vegkravet som vart fremja i fylkestinget, var krav om bygging av veg over Gaularfjellet! Det var ordførar Fredrik Christian Juell i Sogndal som fremja kravet i 1847 for å betre ferdsla over Gaularfjellet for dei som dreiv med krøterdrifter. Men det vart med kravet. Gaularfjellsvegen kom ikkje før i 1938 - altså 100 år seinare!

Lokalveg til kaia framfor sambandsvegar

Eit særtrekk ved både den administrative og politiske fylkesleiinga, var at dei i lang tid viste lita interesse for å bygge ut gode sambandsvegar ut av fylket - og heller ikkje sambandsvegar som knytte fogderi og større bygdelag innanfor fylket saman.
I staden finn ein eit anna hovudmønster: Heilt frå skipinga av det fylkeseigde ruteselskapet "Nordre Bergenhus Amts Baade" (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) i 1858, satsa ein først og fremst på å bygge vegar frå innlandsbygder som Jølster, Gaular og Jostedal ned til dampskipskaia ved fjorden.

Båtrutene knytte fylket saman

Kong Olav V talar i 1958 på Hermansverk i samband med 100 årsjubiléet til "riksveg nr. 1": Fylkesbaaatane. (© NRK/Norsk Film)
Dermed vart desse bygdene knytte til det som i langt meir enn 100 år var hovudrutenettet i Sogn og Fjordane: Fylkesbaat-rutene til og frå Bergen. Heilt fram på 1960-talet vart Fylkesbaatane sitt rutenett omtala som fylket sin "riksveg nummer ein".
Fylkesbaatane fekk også prioritet deretter - særskilt i sambandet mot Bergen - der viktige sambandsvegar ikkje vart brukande hovudvegar før ut på 1990-talet. Sjå: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

I ein stor og gjennomarbeidd transportplan frå 1919 vart det i tillegg til Fylkesbaat-ruter og vegar frå dalbygdene ned til kaia, også satsa sterkt på jernbaner. Det var desse - og ikkje bilvegar - som på den tida skulle knyte fylket tettare saman, både innvortes og utad. Fylkestinget rauk opp i harde diskusjonar om lineval for ei vestlandsk stamjernbane nord/sør, og om kva slags sidespor som skulle byggast.

Vegar som kompensasjon

Men "jernbanefeberen" gav seg fort: Den fleksible bilen fekk overtaket, og i staden fekk fylket rikeleg midlar av staten til å byggje såkalla kompensasjonsvegar til distrikt som ikkje hadde vorte velsigna med jernbane. Dette sette fart i m.a. utbetring av vegar som Vadheim-Sandane, Eid-Måløy, Florø-Førde og Sogndal-Leikanger.

I nyare tid har fylkeskommunen m.a. vore ein sentral pådrivar for bygging av heilsårsvegen over Strynefjellet, nye riksvegar til Måløy og Florø, tverrsambandet Skei-Fjærland- Sogndal-Lærdal, og vegutløysing til Svelgen, Bremanger/Kalvåg, Hyen, Fresvik og Årdal.

Fylket som "bedriftseigar"

Utanom dei lovpålagde oppgåvene som fylkeskommunen har hatt og har innan store samfunnsfelt som vegbygging, skule og helserøkt, så har Sogn og Fjordane fylke også engasjert seg som bedriftseigar. Dette gjeld i samferdsle og i energiforsyning.

· Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

· Fjord1 - Nordvestlandske

· Sogn og Fjordane Energi AS



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no