Førre side:
·
Milestolpar før 1900
Milestolpar i fylkeskommunen år 1900-1950:
1905
I november 1905 var det nasjonal folkerøysting om det sjølvstendige Noreg skulle verte kongedøme eller republikk.
I Sogn og Fjordane hadde 18.278 røysterett, og det vart avgjeve 14.315 (78,3%) godkjende røyster. 11.507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2.808 (24,4%) røysta for republikk. I heile landet hadde 331.833 røysterett, og 244.124 (73,5%) vart godkjende. 194.189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49.935 (20,5%) røysta for republikk.
1906
Ein større vegplan for fylket slår fast at båtrutene til fylkesreiarlaget i framtida ville tene både som gode nok "jernvegar" og "sambandsvegar" distrikta imellom. Framleis var det lokalvegar frå dalen og ned til fylkesbaat-kaia som interesserte dei folkevalde.
1908
Stortinget gjer vedtak om bygging av
Flåmsbana. Vert ikkje opna før i 1940 av tyskarane.
Fylket kastar seg inn i kampen mot folkepesten tuberkulose: Tek i 1911 over Lærdal Helseheim for å bruke den som tuberkulosesanatorium, og byggjer fram til 1921 sanatorier i Askvoll, Lavik og Sandane.
1913
Fylket engasjerer seg for første gong i kraftforsyning: Kjøper Huldefossen i Jølstravassdraget. Fossen vert ikkje bygt ut. Seinare verna.
Fylket kjøper Hotell Central i Stryn og startar husmorskule.
Fylket startar hagebruksskule i Aurland.
1918
Fylket engasjerer seg sterkt i utbygging av elektrisk kraft til ålmen forsyning: Kjøper saman med kommunane fallrettar i Årøy, Gaular og Ålfoten. Utbygginga i Ålfoten fører fylket og kommunane opp i botnlaus gjeld og økomoniske vanskar av enorme dimensjonar - Sjå meir om dette under
Ålfotsaka.
1919
Fylket skifter namn: Nordre Bergenhus Amt vert no Sogn og Fjordane fylke, og amtmann
Ingolf Christensen vert "fylkesmann".
1919
Fylket utarbeider ein omfattande transportplan for både land- og sjøverts trafikk. Planen er ein gjennomgåande analyse av næringsliv og samfunnstruktur i fylket, og vekkjer nasjonal merksemd. I planen vert det satsa sterkt på utbygging av jernbane - med stamline nord/sør og sidegreiner. Men framleis er det vegane frå dalen til fylkesbaatkaia ved fjorden som vert prioritert i vegpolitikken. Fylkesmannen går sterkt inn for offentleg drift av alle kommunikasjonsmidlar, og er m.a. pådrivaren til skipinga av
Firda Billag.
Fylket kjøper storgarden Mindresunde i Stryn og startar jordbruksskule der.
1921
Kommunelova vert endra, og fylkesmannen sin rett til å leie møta i fylkestinget fell bort. Frå no av skulle den folkevalde oppmannen leie møta. Den første folkevalde møteleiaren vart Ivar Sævartveit frå Aurland, som fekk denne funksjonen etter valet i 1923.
1921
Fylket byggjer
Fiskarfagskulen i Florø og "ungdomsskule" i Florø.
|
Firda gymnas starta i 1922 på Sandane. (Foto: NRK) |
1922
Første gymnaset i fylket -
Firda Gymnas på Sandane startar m.a. med økonomisk støtte frå fylket. Frå 1946 vart gymnaset drive av Staten. Ein plan om eige gymnas i Sunnfjord fall ut m.a. på grunn av lokaliseringstrid mellom Førde og Fjaler.
1925
Landsmål (nynorsk) vert offsisielt administrasjonsmål i fylkeskommunen.
Den første større "sjukehusstriden" startar: Distrikta lanserer ulike framlegg som favoriserer dei sjølve. Florø og Leikanger var sterke lokaliseringsalternativ.
1934
Framlegg om å flytte fylkesadministrasjonen frå Leikanger til Førde vart nedrøysta med 18 mot 15 røyster.
1934
Høyanger sjukehus opnar. Det er bygt av Kyrkjebø kommune og fabrikkselskapet NACO. Fylket tek over som eigar i 1948.
1936
Storfelte planar om jernbanenett i fylket vert endeleg gravlagde. Fylket får i staden store løyvingar til å bygge ut såkalla "kompensasjonsvegar". Løyvingane går til viktige nye vegsamband som Nordfjordeid- Måløy, Olden Innvik, Utvikfjellet, Florø-Førde og Leirvik-Dale, Gaularfjellet/Rørvikfjellet og Sogndal-Leikanger.
1936
Nordfjord sjukehus opnar på Nordfjordeid. Det er i hovudsak finansiert ved gåver frå Willian Spencer Singer, og fylket tek over som eigar i 1949.
1939
Leikanger kommune byggjer eit stort adminstrasjonsbygg - Tinghus I - der fylkesadministrasjonen får plass.
1940-1945
Verdskrig og tysk okkupasjon av Noreg. Fylkesmann Hans Seip vert avsett av nazistane 25. juli 1941, og resten av krigen styrer nazi-fylkesmennene
Vidar Atne (til 1. juli 1944) og sidan
Konrad Sundlo. Frå 1942 hadde 20 av dei i alt 38 kommunane i fylket NS-ordførarar. Høyanger-ordførar
Johan Arntzen var oppmann for fylkestinget.
|
Flåmsbana vart opna i 1940. |
1940
Flåmsbana vert opna av tyskarane.
1946
Fylket får eigen samferdslekonsulent, frå 1946 til 1956 med kontor i Florø, i Førde frå 1956 til 1978, då kontoret med knapt fleirtal i fylkestinget vart vedteke flytta til Leikanger. På Leikanger er det bygt ut eiga avdeling med samferdslesjef på toppen. Samferdslekontoret sine viktigaste oppgåver er å forvalte alt som har med løyve og konsesjonar og rutedrift å gjere.
1947
Fylkestinget avviser med 21 mot 17 røyster å realitetshandsame eit framlegg om å flytte fylkesadministrasjonen frå Leikanger til Førde.
1947
Fylket startar husmorskule (
Sogn og Fjordane Husstellskule) i Førde. Skulen får eige bygg i 1957.
1947
Kommunane i Nordfjord skipar
Firdakraft, og fylket leiger bort fallrettar i Ålfoten slik at Firdakraft får byggje Øksenelvane kraftverk, ferdig i 1953.
1948
Fylket tek over som eigar av
Høyanger sjukehus som vart bygt av Kyrkjebø kommune og fabrikkselskapet NACO.
|
Fylket tek over Nordfjord sjukehus i 1949. Dette biletet er teke i 1951. (© Norsk Film/NRK) |
1949
Fylket tek over som eigar av
Nordfjord sjukehus som vart bygt i hovudsak med midlar frå mangemillionæren
William Henry Singer jr..
1949
Sterk strid om utbyggingsplan for nye yrkesskular. Ei nemnd vil halde oppe yrkesskulen i Førde og i tillegg byggje to nye i Stryn og Sogndal, medan ein yrkesskule i Høyanger skal leggast ned. Det endar med hard fogderistrid, og dei fagorganiserte i Høyanger trugar med masseutmelding av Arbeidarpartiet om skulen der vert lagt ned. Striden endar med fire skular - i Sogndal, Høyanger, Førde og Stryn.