SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Mellomalderkyrkja i Sogn og Fjordane

Teikning frå 1850 av Stedje gamle stavkyrkje. Denne var fjordundskyrkje. (Foto © Fylkesarkivet)
Teikning frå 1850 av Stedje gamle stavkyrkje. Denne var fjordundskyrkje. (Foto © Fylkesarkivet)
I mellomalderen fanst det i alt 92 kyrkjer i fylket:
24 kyrkjer og kapell i Nordfjord, 21 i Sunnfjord, 35 i indre Sogn og 12 i ytre Sogn. Kyrkjene hadde ulik status: Øvst trona dei såkalla "fjordungskyrkjene".

Publisert 18.12.2002 10:53. Oppdatert 10.06.2003 10:31.
Hopperstad stavkyrkje var fjordungskyrkje. (Foto: Asle Veien, NRK)
Øvst trona dei såkalla fjordungskyrkjene, som låg på Nordfjordeid, Vereide, Bru (Svanøy), Askvoll, Hopperstad i Vik, Rygg i Aurland, Tønjum i Lærdal og Stedje i Sogndal.
Desse kyrkjene måtte m.a. betale større tiend (avgift til bispestolen) enn dei andre kyrkjene. Men utover at presten i Stedje hadde ein slags formyndarfunksjon for omkringliggjande sokn, veit ein lite om fjordungskyrkjene si rolle i det lokale kyrkjehierarkiet.

Privatfolk bygde og eigde kyrkjene

I tidleg mellomalder vart det bygt ei mengd kyrkjer kring om i bygdene. Kyrkjene vart bygde av privatfolk, og oftast var dei meint å tene som reine private kapell for storbonden sjølv. Men dei fleste av desse kyrkjene gjekk med tida over til å fungere som vanlege soknekyrkjer for ålmenta. I mellomalderen vert desse kyrkjene difor nemnde som soknekyrkjer.
Men langt fram på 1800-talet var kyrkjene framleis eigde av ein eller fleire privatfolk som fekk tiendeinntektene frå dei.

Hove steinkyrkje i Vik var privatkapell og høgendeskyrkje. (Foto: Asle Veien, NRK)

Høgendeskyrkjer

Den "lågaste" gruppa mellomalderkyrkjer vart kalla "høgendeskyrkjer". Desse tente antan som reine private kapell, eller låg slik til at dei berre tente som kapell under prestar i andre kyrkjer.
Eit godt døme på ei høgendeskyrkje finn ein i Vik, der Hopperstad stavkyrkje både var fjordungskyrkje og soknekyrkje, medan Hove steinkyrkje, berre ein knapp kilometer unna, var privatkapell og "høgendeskyrkje".

Organisering av prestegjeld og prosti

Den store bylle- og lungepesten som vert kalla Svartedauden, herja landet frå 1349. Berre ein tredjedel av det norske folket overlevde. Prestane var like dødelege som andre, og i mangel på prestar, vart dei attlevande sette til teneste i fleire kyrkjer i distriktet.
Dette var opphavet til det som etter reformasjonen i 1536 fekk fastare organisering i prestegjeld. Frå same tid fekk vi inn eit regionalt ledd som vart kalla prosti.
Denne organiseringa med bispedøme, prosti og prestegjeld har halde seg fram til i dag, medan grensene for både bispedøme, prosti og prestegjeld har vore endra fram gjennom åra.

Hovudside:
· Den norske kyrkja - Statskyrkja



MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no