SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Leikanger:

Leikanger kyrkje

(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Leikanger kyrkje, steinkyrkje bygt kring 1250. Kring 1660 vart kyrkja påbygt eit tårn som i 1668 vart utstyrt med fire små spir i kvart hjørne.

Publisert 18.12.2002 11:09. Oppdatert 17.06.2003 16:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Leikanger kyrkje [WM]  - Sverre Aas fortel om den gamle mellomalderkyrkja på Systrond i samtale med Ottar Starheim.

Omfattande endringar

Kyrkja har seinare vorte restaurert og ombygt. Den største endringa skjedde i 1872 under arkitekt Chr. Christie, då kyrkjeskipet miste mykje av middelalderpreget ved at dei små vindauga mot fjorden vart bytte ut med store, rundboga vindauge. Samstundes vart kyrkjeromet utvida med eit kor, og det gamle koret vart ein del av skipet ved at den gamle korveggen mot aust vart riven og erstatta med ein rundboge mot det nye koret. Eit tregalleri på nordveggen vart rive. Det gamle kyrkjetårnet vart rive og bytt ut med eit høgreist, kvitmåla tårn. Den gamle altartavla frå 1606 vart bytt ut med ei tavle måla av Marcus Grønvold. Også anna interiør frå 1600-talet vart fjerna i 1872.

Kyrkja ligg like ved hovudvegen.

Ny restaurering

I 1927 gjorde sokneprest Sverre Daae opptaket til å få kyrkja restaurert og ombygt slik at den likna mest mogeleg på den opphavelege kyrkja. Arkitekt Johan Lindstrøm leia arbeidet. Han reiv det høge tårnet og reiste ein kopi av tårnet slik det såg ut i 1668. Vindauga i sørveggen på kyrkjeskipet vart også gjort mykje mindre. Den gamle altertavla frå 1606 vart henta frå De Heibergske Samlinger, restaurert og sett tilbake på altaret. Preikestolen frå 1606 og døypefonten frå 1600-talet kom også på plass att.

Gamalt krusifiks

Det gamle krusifikset frå Leikangerkyrkja skriv seg frå slutten av 1000-talet, og er eitt av dei eldste i landet. Det vart flytta til Bergen Museum i 1865. Ein kopi er no hengt opp over korbogen i kyrkja. I kyrkja heng elles fire portrett frå 1600-talet. Det eine er av presten Erik Iversøn Nordal, far til den rike presten Iver Erikssøn Leganger. Elles har kyrkja ein dåpskalk i sølv frå 1613, og ein oblatdisk er frå same tid. I tårnet heng ei klokke frå mellomalderen og ei klokke frå 1672.

Forutan det sjeldne krusifikset, finst også ein relikviekross frå kyrkja i Bergen Museum. Ei utskora sol frå 1600-talet er teken vare på ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no