|
Prost Sigurd Vengen er i 2002 biskopen sin lokale representant i Sunnfjord. (Foto: NRK) |
I dag omfattar Bjørgvin bispedøme fylka Sogn og Fjordane og Hordaland. Men fram til 1983, då Møre og Romsdal vart eige bispedøme, var også Sunnmøre med.
I Sogn og Fjordane er fylket delt inn i fire prosti: Nordfjord, Sunnfjord, ytre Sogn og indre Sogn.
Fram til 1975 var det oftast den eldste soknepresten i prostiet som vart utnemnd til prost. Stillinga var biskopen sin lokale represenatnt, men i praksis hadde prosten få oppgåver utover vanleg prestegjerning.
Klårare leiarrolle
Etter 1975 har prostane fått ein langt klårare leiarrolle innan prostiet. I motsetnad til tidlegare, skal prosten vere knytt til eitt spesielt prestekall innan prostiet: Soknepresten i Eid er prost for Nordfjord, soknepresten i Førde/Naustdal for Sunnfjord, soknepresten i Høyanger for ytre Sogn og soknepresten i Sogndal for indre Sogn.
Biskopen sin representant
Prosten er biskopen sin lokale representant og medhjelpar og har personalansvar for alle geistlege tilsette innan prostiet sitt. Han har også eit rettleiaransvar for prestane sine i religiøse spørsmål. Det er prosten som førebur bispevisitasar, og skal også ha tilsyn med kyrkjebygg og kyrkjegardar.
Kyrkja eig sjølv kyrkjebygg og kyrkjegardar, medan kommunane skal dekkje kostnader til vedlikehald og drift. Kommunane dekkjer også løn til tilsette utanom prestane, som er statsløna.
119 kyrkjer
I Sogn og Fjordane er det i 2002 119 kyrkjer som tilhøyrer den norske kyrkja. Dei er fordelte på i alt 88 kyrkjesokn.