SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Frå militær til sivil vegadministrasjon

Ei ny veglov i 1851 dempa det militære innslaget i norsk vegadministrasjon, og i 1864 vart den første sivile vegdirektøren tilsett som øvste leiar for vegadministrasjonen i Noreg.

Publisert 18.12.2002 12:06.
Første gong fylkestinget i Sogn og Fjordane sette opp ein slags vegplan var i 1864, då ein prioriterte ulike vegprosjekt - sjå: Fylket som skipsreiar og vegbyggjar.

Første amtsingeniøren

I 1874 tilsette Sogn og Fjordane kaptein M. T. Christensen som den første amtsingeniøren. Han vart avløyst av Chr. Engebreth Borch, som i 1895 vart den første med vegsjef-tittel i Sogn og Fjordane. Kontoret hadde året etter til saman fem tilsette, og heldt i mange år til på Hermansverk i eit hus som vart kalla "Borch-huset". Dette huset brann i 1977.

Knud Knudsen var ein mann som kom til å prege vegpolitikken i fylket i svært lang tid: Han kom til fylket som vegingeniør 1896. Frå 1899 til 1922 budde han i Nordfjord, der han leia arbeidet med viktige veganlegg som Stryn - Nordfjordeid og vegen gjennom Hornindal. I 1924 vart Knudsen vegsjef i Sogn og Fjordane og hadde stillinga i 12 år.

Flytta administrasjonen

I 1939 flytta vegsjefen og administrasjonen hans frå "Borch-huset" og inn i det nybygde "Tinghus I" på Leikanger. På grunn av plassmangel i tinghusa, heldt planavdelinga til i eit kontorbygg på Hermansverk i 10 år.
Vegkontoret var leigetakar i dei kommunale tinghusa på Leikanger heilt til det i 1980 flytta inn i eige bygg i Askedalen på Hermansverk. Dette bygget vart utvida i 1993.

Omorganisering i 2002

I 2002 vart vegstellet i Noreg omorganisert, og frå 2003 er Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slegne saman i Region Vest med Ole Christian Torp som vegsjef. Etter sterk motstand frå Bergen, vedtok samferdsleministeren at Region Vest skal ha hovudkontor og vegsjef plassert på Hermansverk.¨

Hovudside:
· Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no