SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane:

Skuleadministrasjonen i Sogn og Fjordane

Den første lova om eit norsk skulestell kom i 1739 og hadde samanheng med innføringa av kyrkjeleg konfirmasjon i 1736. Konfirmasjonsordninga stilte krav til ungdomar som gjekk og "las for presten" om at dei kunne meistre eit minstemål av lesekunnskap. Det var difor kyrkja gjennom biskop og sokneprestar som fekk ansvaret for den første "folkeskulen" her i landet.

Publisert 18.12.2002 13:23. Oppdatert 03.02.2006 14:57.
Gjennom såkalla "skulefundasar" vart det fastsett korleis skulen skulle organsierast i dei einskilde prestegjeld med krinsinndeling, lærarkrefter osb.
Heilt fram til 1889 var sokneprestane sjølvskrivne formenn i dei såkalla "skulekommisjonane" som hadde ansvaret for skuleordninga i kvar kommune. Først i 1889 innførte ein ordninga med skulestyre valde av kommunestyret.

Skuledirektøren

Heilt frå 1860 til 1961 hadde Sogn og Fjordane felles skuledirektør med Hordaland og Bergen. Dette samhaldet var i utgangspunktet bygt på den gamle "stiftsordninga".
Den første skuledirektøren berre for Sogn og Fjordane var Hallgeir Furnes, som hadde stillinga frå 1961 til 1963. Frå 1963 til 1985 var Olav Åm skuledirektør. Han vart avløyst av Sven Egil Vestre, som var skuledirektør i Sogn og Fjordane til 1992, då embetet vart lagt ned ved ei omorgansiering av den statlege tilsyns- og rettleiingstenesta på fylkesnivå.

Statens utdanningskontor

Statens utdanningskontor vart oppretta i 1992, med kontorstad Leikanger og med Bjørn Tønnesen som leiar. Utdanningskontoret har tilsynsansvaret for grunnskulen i heile fylket, og er samarbeidspart for alle andre utdanningsinstitusjonar til og med høgskulenivået. Ei viktig arbeidsoppgåve er rettleiingsteneste til skuleverket. Frå og med 2003 er Statens Utdanningskontor avvikla og organisert som ei avdeling under fylkesmannen.

Skuledirektørar/utdanningsdirektørar i Sogn og Fjordane:

Hallgeir Furnes 1961-1963
Olav Åm 1963-1985
Sven Egil Vestre 1985-1992
Bjørn Tønnesen 1992-

Fylkeskommunen får eiga skuleleiing

I 1971 vart skuleadministrasjonen på fylkesplan delt ved at fylkeskommunen med ein fylkesskulesjef på toppen fekk ansvaret for den vidaregåande skulen (gymnas og yrkesskular) som fylket hadde eigar-og driftsansvar for. Skuledirektør-embetet vart ein rein Statens mann, med hovudansvaret for grunnskulen - dvs. barne-og ungdomsskulane - i fylket.

Tidlegare kontorsjef hos skuledirektøren, Sverre Aas, vart den første fylkesskulesjefen i Sogn og Fjordane. I 1995 vart tittelen "fylkesskulesjef" endra til "fylkedirektør for utdanning".

Fylkesskulesjefar/direktørar i Sogn og Fjordane:

Sverre Aas 1971-1981
Claus Kvamme 1981-1998
Reidar Sandal 1998-2000
Hans Peder Vibe 2000-2005
Bekka Skaasheim 2005-


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no