Opphavet til fylkeskattekontoret var i 1911, då kvart fylke fekk tilsett ein skatteinspektør som sorterte under fylkesmannen. Den viktigste oppgåva for skatteinspektøren og fylkesskattestyret, som var skipa nokre år tidlegare, var å halde tilsyn med likningsvesenet kringom i kommunane.
Spesielt "karaktersystem"
I Sogn og Fjordane var det heilt fram til 1980-talet fylkesmannen som var formann i fylkesskattestyret.
Den grundige fylkesmann
Nikolai Schei innførte eit eige karaktersystem for kor godt dei einskilde likningsnemndene i kommunane utførte arbeidet sitt: Vart det funne manglar, fekk vedkomande kommune "straff" i form av reduserte skatteutjamningsmidlar. Denne "karakterboka" til Schei møtte mykje kritikk og vart avskaffa då Schei slutta.
Ordninga med fylkesskattestyret vart oppheva i 1983 og erstatta m.a. med ei klagenemnd.
Starta i Førde - flytta til Leikanger
I 1935 vart det skipa eigne sjølvstendige fylkesskattekontor. Førde-advokaten Jac. P. Jacobsen vart tilsett som skatteinspektør og kontoret lagt til Førde, der det heldt til i huset til Nils Flåm ved Langebrua. Ei viktig oppgåve for fylkeskattekontora var innkreving av den nye omsetningsavgifta, som vart innført i 1935.
I 1936 vart fylkesskattekontoret flytta til Hermansverk, der det leigde kontor i forretningsbygget til kjøpmann Aarskog. I 1939 flytta det til den nybygde Tinghus I.
I 1970 vart meirverdiavgifta - momsen - innført, og etaten tok i bruk EDB (datamaskiner) for å halde styr på den omfattande dataflaumen. Talet på tilsette auka, og var i 1975 oppe i 39 stillingar.
Fylkesskattekontoret fastset kor mykje kvar einskild næringssdrivande skal betale i moms, medan det er
Sogn og Fjordane skattefutkontor som krev inn avgifta.
Fylkesskattesjefar i Sogn og Fjordane har vore:
Jac. P. Jacobsen 1935-1943
Sigurd Dale (kst.) 1944-1946
Asmund Kvamme 1946-1953
Finn Fosse 1953-1966
Hallvard Njøs 1966-1983
Jon Mathias Husbø 1983-1996
Øystein Alme 1996-2002
Aud Kari Isane 2003-